Kristin Marie Sørheim frå Tingvoll er listetopp for Senterpartiet ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. Onsdag var ho saman med lokale partikollegaer på rundreise her i kommunen. Frå Surnadal Senterparti stilte ordførarkandidat Margrethe Svinvik, leiar Nils Håvar Øyås, Einar Grønnes og Ragnar Halle. Sørheim uttrykte at det var viktig å få god kjennskap til og […]
Les heile saka
Onsdag var Johs Vaag på ein lynrask valgkampturne i Kaffekroken på butikken for å presentere valgprogrammet til FrP og for å høre litt kva todalingane var opptekne av. Sjølvsagt kom både skule-, bru/tunell og helse/omsorg på agendaen uten at debatt nådde dei store høgder.
Les heile saka
Jon Bruset har vore på tur til Vollasetra og området omkring måndag, og har sendt oss fine bilder frå turen – både frå Vollasetra og frå Ekkertind, som kanskje kan være ein lokal konkurrent til Prekestolen i Rogaland?
Les heile saka
Tysdag er det «avsluttningsball» på Todalshytta, med Åse Grydelnd Øyen som gjestekokk. – Det er Eric Malling som fortel dette til Todalen.no no søndag kveld, og han seier at han føler at det må være «ekte vare» på siste balldagen i sesongen, sjølv om ballen frå Norsk kvalitetsmat absolutt har vorte godt motteken.
Les heile saka
Avslutt helga og kvelden med en bilderik blogg fra Ingvild Dala.
Les heile saka
På Bordholmen er det i dag funnet eit par briller. Er det nokon som saknar dei, ligg dei framleis på eitt av dei runde jorda ved redskapshuset. Det ser ut for at det er eit barnebrillepar.
Les heile saka
Nok ein gong har IL Søya arrangert ein vellykka fotballdag på Søyabanen for langt over 500 unge fotballspelarar mellom 5-6 år og opp til 12-13 år. Og med foreldre, søsken og besteforeldre som tilskodarar i finveret var det nok bortimot 1500 personar som var innom Søyabanen denne finversdagen.
Les heile saka
Surnadal AP hadde rigga til stand framfor Matkroken i Todalen i dag, der det vart servert både kaffe og frukt til folk som passerte på tur til og frå butikken på helgehandel. Vi stakk innom ein snartur, og høyrte at det ble debattert både skulesak, vegnamn og til og med molteplukking. Det var imidlertid ei gemytteleg forsamling som hadde mest fokus på kvardagslege ting i det fine sommarvêret. Men ei lita overrasking vart det, for litt kultur høyrer nok med i samband med slike arrangement…
Les heile saka
For eit par dagar sia fann Gudmund Kvendset ein såkalla powerbank (batteripakke for lading av mobiltelefon etc.) i område mellom Tristeinan og oppstigninga til Litjbotn. Der lag den i lyngen, og tydeleg vis er det nokon som har mista den i samband med molteplukking eller anna tur.
Les heile saka
Torsdag drog stavgangruppa til fjells – nærare bestemt til Folldalen og hadde Gråsjøhytta til base. Med 23-24 varmegrader i skuggen var det godt å kome seg til fjells, og nyte sola og finvêret og det var eit trettitals deltakarar som sjølvsagt bruka bilskyss opp til Gråsjøhytta. Derifrå var det lagt opp til fottur eit par kilometer innover til tunnelutløpet som kjem frå Vindøldalen.
Les heile saka
Endelig har vi fått sneven av sommar også her på Nordmøre. Og det resulterer i ekstra stor aktivitet i vasskanten av den yngre garde på ettermiddagane. Ein runde i småbåthamna resulterte i fleire «klikkar» som samlast og hygga seg i lag. Stranda ved småbåthamna er idyllisk og høveleg for dei aller minste som ikkje er alt for svømmedyktige.
Les heile saka
Det har mest vorte ein tradisjon å få eit lite turreferat frå familien Kvendset i løpet av sommaren. I år har dei vore på noko som ser ut som ein kjempeår – oppe på Snøfjellet, og vi har fått nokre fine bilder å legge ut.
Les heile saka