Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for hjortfest

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2015

I kveld har det vore hardtørn med produksjon av hjortkjøttkaker til Hjortfesta laurdag kveld, så mykje av matstellet er gjort unna. Fleire hundre kjøttkaker er stekt og kokkane ga klart uttrykk for at det var slett ikkje noko blandingsprodukt. Ekte vare – med råvarer frå Husby- og Hallabergå kjem på festbordet laurdag kunne dei berette. Foruten middag er det mellom anna utdelinga av «Den gyldne patron» som står på programmet.  Kven får denne hedersprisen i år?

Hjortkjøttkaker_4783

Prima vare – smaksprøve bekrefta at det dreide seg om kvalitetsvare! Foto: Jon Olav Ørsal

Elles bys det på litt lett underhaldning frå scena og etter maten blir det rydda plass, slik at det blir muleg å få ein svingom.  Reint praktisk er det berre å måte opp på Hjortfesta laurdag kveld. Det er inga påmelding til festa, og du kjøper billett ved inngangen.  Og arrangøren har fått bevilling for salg av øl og vin til den som vil ha det. Årets vertskap til Hjortfesta er Halle & Husby jaktlag, medan Todalen idrettslag står som arrangør. Velkomen til hjortfest – festa startar kl 20.00.

Hjortfesta2015_plakat_DM_L

 

Publisert: 27. november 2015, 20:38