Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfest – og heiderspris til Nils Ove

Jon Olav Ørsal Sundag 29. november 2015

Nils Ove Bruset vart laurdag kveld heidra av sambygdingane, da han i samband med den tradisjonelle hjortfesta vart tildelt heidersprisen ”Den Gyldne Patron”.Nils Ove var heilt uvitande og totalt overraska da han vart kalla opp på scena for å ta i mot ”den Gyldne Patron”. Heidersprisen blir delt ut på hjortfesta kvart år, og går til ein eller flere personar som har utmerka seg gjennom positivt arbeid for bygdesamfunnet på ein eller anna måte, sa Lars Stensby som var festleiar og delte ut prisen.

LarsStensby_4806

Lars Stensby var festleiar – vertskap var Halle & Husby jaktlag. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Hjortfesta har tradisjonar heilt sia 1970-talet i Todalen, og det er Todalen idrettslag som er arrangør. Rolla som vertskap går på omgang mellom jaktlaga i bygda, og det bys som oftast på varmrett med viltsmak og litt lett underhaldning frå scena. Årets fest var ikkje noko unntak å så måte, og på menyen stod hjortkjøttkaker med tilbehør, og det falt i smak hos dei 60-70 gjestane. – Underhaldninga falt også i smak, der Nils Ove Bruset bydde på ein munter monolog som inneheldt både sjølvironi både på eigne og jaktlagets vegne og muntre spark til ein og kvar.

NilsOveBruset_Monolog_4824

Nils Ove framforte ein monolog i kjent stil – den inneheldt sjølvironi både på eigne og jaktlagets vegne og spark i alle retningar. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Nils Ove må være ein verdig mottakar av denne prisen, for han har vore bidragsytar på mange frontar gjennom mange tillitsverv i mange lag og organisasjonar og spesielt i Todalen Idrettslag. Vi kan nemne fleire år som leiar i Todalen I.L., prosjektleiar både for bygging av ballbinge og ny lysløype. Han har og vore rennleiar for Norgescup og NM i randonee i Todalen, delaktig i hovudkomiteen for Todalshelga og ikkje minst aktiv skribent og aktør for julerevyane i bygda. I tillegg har han delteke både på fotball og representert Todalen I. L. både i Birkebeinerrennet og Vasaloppet. Og vi kunne sikkert ha ramsa opp mykje meir. Også denne kvelden var han altså med i arrangementskomiteen og vart eigentleg rundlurt av ”sine egne”. Men Nils Ove var glad for prisen og for den oppmuntringa den er, og retta ein takk til kona Jorunn for den hjelp og støtte ho har vore oppgjennom åra.

Nils Ove er oppteken av lokalsamfunnet og da vi gratulerte etter prisutdelinga tok han til orde for at det kanskje er på tide å revitalisere hjortfesta. Han hugsa at det var vanleg med 170-180 deltakarar «i gamle dager» og tykte det var liten oppslutning om årets fest med 60-70 deltakarar – det er berre ein tredel att.  Vi snakkar så fint om å ha ei levande bygd, og da er det viktig at vi tek del i slike sosiale tiltak for å halde bygdesamfunnet i gang og stimulere til trivsel.

Hjortfesta_Festlyden_4807

Prisvinnaren tykkjer det er på tide å revitalisere hjortfesta – «i gamle dagar» var det 170-180 deltakarar – no er det berre att ein tredel! Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det må kanskje vurderast om tidspunktet er rett – det er no julebordtid, og det er mykje som skjer denne tida.  Tidlegare skulle hjortfesta markere at jaktsesongen var slutt – men den varer no heilt til jul. Kanskje er det meir fornuftig å flytte hjortfesta til etter nyttår, seier Bruset.

På spørsmål om han har nokon nye fanesaker på gang, er han snar til å nemne julerevyen ”Rikets tilstand”. – Der er vi no godt i gang med arbeidet, og skal være godt skodd til premieren 3. juledag.  – Og så er det NM i randonee da, det skjer på Kårvatn i midten av februar…….

Komite_Hjortfest_4802

Vertskapet er ikkje fulltallig på bildet, men her har vi frå venstre Kristen Halle, Geir Berntsen, Nils Ove Bruset, Stig Talgø, Dan Roger Pedersen, Lars Stensby, Svein Stensby og Nils Asbjørn Holten. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Den Gyldne Patron 2015  –  Om årets vinnar sa juryen:

«Han har i lang tid utmerket seg ved å ta en rekke styreverv i lag og foreninger, og ellers delta i mye av det som rører seg i bygda. Dette begrunnet i et sterkt ønske om å bidra til fellesskapet, og at det skal skje noe, i Todalen. Hans bidrag har også vært som revyskuespiller, der han i ofte i litt lange monologer, har kommentert det som skjer. Dette gjør han med et skrått blikk, og skarp tunge. Han sparker i alle retninger, og alle som fortjener det får passet sitt påskrevet. Han praktiserer i dette likhetsprinsippet, som de fleste av oss setter slik pris på.
Juryen vurderer det slik at siden han har forårsaket ømme tær i alle leire, er hans eneste mulighet til Den Gyldne Patron, å få den av sine egne.
Den Gyldne Patron 2015 tildeles: Nils Ove Bruset»

 

Publisert: 29. november 2015, 09:00