Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julelefse: Prima vare – sekunda ikke

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. november 2015

Lefse til jul hører med, og Kari Kvendset og Åse V. Redalen hadde laurdag bakardag på Sandstadkjøkkenet. – Med åtvaring om mjøl på golvet tok vi ein liten visitt, for å sjå på denne tradisjonsrike aktivteten som høyrer juleførebuingane til.  Og her vart det kaffelag med smaking og samanlikning av både fjorårets og årets produksjon, og på sunnmørsvarianten som vart servert med søst….

Åse kjevla ut og gjorde klart for steiking…. Foto: Jon Olav Ørsal

Kva som var best er nok kvar sin smak og har litt med kva ein er vant til. Kari og Åse har lang tradisjon for lefsebaking før jul, og enkelte år har det vore fleire som har hengt seg på. Det var det også i år, da Dordi Jorunn stakk innom for å lære meir om lefsebaking og var årets «aspirant».  Vi var nok for seint ute for ho forsvann før vi rakk å få ho med på bilde.

KariK_lefse_4798_L

…og Kari sørga for at lefsene var akkurat passe stekt. Foto: Jon Olav Ørsal

Oppskriftene som dei to bruka, hadde nok litt ballast frå både Midtre Gauldal og frå Hjørundfjorden – der dei to har sine opphav. Fikk iallfall inntrykk av at det var samla mykje kompetanse på lefse på Sandstakjøkkenet denne dagen og det var ikkje første gongen dei prøva steketakka.  Litt meir mjøl, sa Kari etter å ha prøvesmaka ei ny smelte. Åse nikka, og var enig – så vart laga ny prøve, og da var smaken i boks.  Prima vare  – det må bli konklusjonen.

 

 

Publisert: 28. november 2015, 17:02