Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høgsesong for mølsgraut, lefser og smørformer

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. november 2015

Pensjonistekteparet Wenche og Gudmund Kvendset driv firma i lag, nemleg Viastua Gardsprodukt. Der blir det produsert mølsgraut og lefser, ulike produkt av tre og ull. No før jul er det stor aktivitet, det er mange som vil ha lokale og kortreiste produkt til julegåver.

IMG_7204

Wenche ved mølsgrautkjelen, her kokar ho til eige bruk.Foto: Dordi J.H.

Wenche er oslojente og arbeidde mange år i bank, litt uvant bakgrunn for ein mølsgrautkokar. Men ho kan fortelje at mora var koldjomfru og kokke på Hotell Continental i Oslo, og at ho slik har vakse opp med mykje matlaging og fekk tidleg interesse for mat. Ho var med mora som hjelp på hotellet. Ho synest det er artig å skape og lage, bruke hendene og krativiteten sin. Restaurantmat var ikkje så aktuelt i Todalen, men ho vart med på lefsekurs. Det var spiren til nytenking for alternativ produksjon på garden.

IMG_7252

Lefsebaking, kjevlinga gjekk raskt og fint! Foto: Dordi J.H.

Ho og Gudmund ønska å utnytte moglegheiter og ressursar på garden, dei hadde stor plass – mellom anna to kjøkken og kjølerom, mjølk og skog. Dermed kom ideen om å starte firma, og dei fekk støtte frå Innovasjon Norge til prosjektet. I 2009 vart kjøkkenet i kårenden godkjent til matproduksjon,  og tjukklefser og mølsgraut kunne produserast for sal. I starten fekk Wenche god hjelp av Jenny Kvendset, ho lærte Wenche å koke mølsgraut, ho kom med oppskrifter og gode tips både til garutkokinga og lefsebakinga.

IMG_7257

Her blir det gode lefser! Foto: Dordi J.H.

Wenche fortel at det er stor etterspørsel etter både lefser og mølsgraut – ho sel godt heile året og kunne ha seld meir om produksjonen hadde vore større. Sjølvsagt er det ekstra godt sal no før jul, men mølsgraut går det også mykje av om sommaren, feriefolket er gode kundar. I tillegg lagar Wenche produkt av ull, mellom anna vottar og lestar.

IMG_7209

Her viser Gudmund fram to nylaga river. Riveskaftet er av furu, «rivehauet» av bjørk og tinnane av hegg. Foto: Dordi J.H.

IMG_7216

Gudmund ved dreiebenken på snikkarloftet. Her trivst han godt. Foto: Dordi J.H.

Gudmund er ein hendt kar, han har brukt kniv og sag frå han var gutunge. Han har laga ulike produkt av tre heile livet, og han kan syne fram smørformer, smørstettar, stettafat, ulike fat, dallar, sleiver, auser, pølseklyper, gyngestolar, sopelimar osb. Her er det lett å finne både fine og nyttige julegåver. Han fortel at no sel han mest smørformer, han har til og med nyleg sendt to til eit museum i Sandane. I det siste har han begynt å lage river og ljåorver. Rivene er etter Anton Myrvang-modell. Han tek også på seg og reparere gamle dallar, rinner og kinner – han kan gjørde dei opp att. Det har han lært av Kristen Husbygeilen. Gudmund hentar alt materiale til produksjonen sin frå gardsskogen.

IMG_7224

Smørformene er laga av bjørk, – det er mykje arbeid å lage ei smørform.
Foto: Dordi J.H.

IMG_7225

Gudmund lagar gyngestolar i tre størrelsar, dei største er til ungar. Dei andre to passar til nissar og dokker. Stolane er laga av furu. Foto: Dordi J.H.

No er det høgsesong for julemesser, og Wenche stiller med eit stort utvalg varer frå Viastua Gardsprodukt på juletorget ved Kulturhuset på Skei førstkomande søndag. Elles har dei faste utsalg av mølsgraut og lefser på Matkroken i Todalen, i Jokerbutikken på Kvanne og Kårvatn Fjellutstyr. Dei sel også direkte til kundar som kjem på døra, og Viastua gardsprodukt har eiga heimeside.

IMG_7264

Slik ser lefsepakkane og mølsgrautboksane frå Viastua Gardsprodukt ut.
Foto: Dordi J.H.

Pensjonistane i Viastuå arbeider godt i lag og synest det er framtidsretta å ha alternative produkt å by fram på garden.

 

Publisert: 26. november 2015, 23:52