Venneforeninga til Rindal skimuseum inviterte fredag til grautdag. Og i god tid før grautmarsjen vart spela, var tunet fullt av folk. Museumsgjengen måtte ta fram både fleire bord og stolar.
Les heile saka
Venneforeninga til Rindal skimuseum inviterte fredag til grautdag. Og i god tid før grautmarsjen vart spela, var tunet fullt av folk. Museumsgjengen måtte ta fram både fleire bord og stolar.
Les heile sakaJamt i teten denne gangen, men Åslaug Klingen sitt koselege bilete ble denne månadens vinnar.
Les heile sakaVaksenopplæringa i Surnadal driv mellom anna med språkopplæring og integrering i vinterhalvåret. Sommars tid er det delvis ferietid med typiske sommar aktivitetar og i dag var det tur til Todalen, med innlagt besøk hos ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen, Talgø MøreTre på føremiddagen. Dei fleste av ungdomane som deltok var frå Syria og Afghanistan, og har altså i vinter delteke i skulegang ved vaksenopplæringa i Surnadal.
Les heile sakaI morgen ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening velkommen til Fiskesommer og sjøfiske på Nordvik mellom klokka 19 og 21.
Som tidligere år inviterer de alle barn med foreldre for å fiske etter det havet har å by på. Alle vil få god hjelp fra de i Surnadal Jeger og Fiskerforening, slik at flest mulig av barna får fisk.
Les heile sakaLaurdag inviterer Elisabeth Marie Aas til kunstutstilling på Todalshytta. Utstillinga blir hengjande ut juli, og det blir naturlig vis mulegheiter for å kjøpe av billedkunsten.
Les heile sakaDenne første onsdagen i juli kom med nydeleg ver og ein perfekt kveld for eit besøk i Svinviks arboret. Her var det både open kaffe med kjempegod rabarbrakake og omvisning i hagen med museumsgartnar Katarina Wedelsbäch Bladh.
Les heile sakaEtter ein vellykka rundtur rundt Todalen for Aud Lindset Drågen ved Fylkesmannens kontor saman med lokale utsendingar frå Todalen og Surnadal vart det i invitert til informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus i går kveld. Dette vart ei fin og ikkje minst informativ avslutning på ein innhaldsrik dag. Møtet var åpent for alle, og Todalen Grendalag var godt fornøgd med oppmøtet trass kort planlegging. -Dette vart verkeleg bra konkluderte Jostein Bruset. Vi fekk både inspirasjon og informasjon!
Les heile sakaSvinviks arboret held langope kvar onsdag i juli, fra kl.11-20. Onsdag 4. juli er det omvisning ved museumsbotanikar Katarina Wedelsbäck Bladh kl.18. Omvisning er denne kvelden inkludert i billetten til hagen. (70,-). Omvisningen varer i ca.30 minutt, og handlar både om historia til hagen og om enkeltplantar.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal satsar sterkt på lokalmat og reiseliv, og det har i dag gjeve seg utslag i besøk av rådgjevar Aud Lindset Drågen rundt omkring i bygda. Drågen var invitert av grendeutvalt i Todalen, og var først på ein runde rundt i bygda, og skal seinare i kveld delta på eit møte med same tema i ungdomshuset.
Les heile sakaOnsdag 11. juli inviterer Svinviks arboret til konsertkveld i arboretet. Det er radarparet Karstein Mauset og Jo Ranheim som da kjem til Svinviks arboret for å holde utekonsert i hagen. I tilfelle dårleg vêr vil konserten bli flytta inn.
Les heile sakaMed berre godværet i sikte og vel overstått Todalsdag, kan vi no byrja på juli månad.
Stor takk til alle som sender oss bidrag, hald fram med det.
Som tidlegare nevnt jobbast det godt i den nye prosjektgruppa Bolyst i Todalen 2022. Ragnar Halle, Bjørn Gunnar Ansnes og Jostein Bruset var sist veke i Molde i møte med Øyvind Tveten fra fylkeskommunen si næringsavdeling og Aud Lindset Drågen fra fylkesmannen sin landbruksavdeling, og fekk med seg mykje nyttig informasjon til prosjektet.
Les heile saka