Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Starta reguleringsplanarbeidet for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. september 2018

I kveld var naboane rundt Talgøfabrikken, og andre involverte, invitert til informasjonsmøte i samband med at arbeidet med å utarbeide ny reguleringsplan for deler av Kvennsetøran (gnr 137/69 og 137 /15). Det er tidlegare regulert til areal for industri og arealplana er godkjent av kommunestyret i 2017. No startar imidlertid den meir detaljerte reguleringsplana, og Talgø ønsker at dette reguleres til industriområde.

Inge Skogheim er innhyra som konsulent for Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Oversikt over området – her er området som det no skal utarbeidast reguleringsplan for. Foto: NettStudio

Det er Anne Mariann Valderaune i konsulentfirmaet Ikon som skal arbeide fram reguleringsplana Foto. Jon Olav Ørsal

John Moe ønska velkomen og orienterte litt om kva som har skjedd og litt om kva som skal skje. Inge Skogheim er innhyra som konsulent for å representere Talgø i prosessen og det er Anne Mariann Valderaune frå konsulentfirmaet Ikon som skal jobbe fram reguleringsplana.  Dei var begge i elden og orienterte om prosessen, og kor viktig det er å fremme meininger og ønske på eit tidleg stadium med tanke på å bli høyrt.

Det er nok mange ting som må takast hensyn til i samband med denne reguleringsplana, for området grensar til Todalsøran Naturreservat, og deler av området er våtmark og noko er omflødd dyrkamark.  Det er også mange som skal seie si meining før endeleg plan kan vedtakast, mellom, anna miljøavdelinga hos fylkesmannen i MR som kjem inn på eit tidleg tidspunkt.  det er ikkje uvanleg at slike prosessar tek fleire år.

Det var da også fleire av møtelyden som hadde mykje å spørje om, både kva som har vore gjort før og kva som skal gjerast i fortsettinga. Det er nok naturleg at ein blir litt skeptisk når ting skjer og ein er usikker på konsekvensane, men det er kanskje bra at det skjer ting og – med tanke på at det skal være liv i bygda, og arbeidsplassar som vi skal leve av.

Dette området skal det no utarbeidast reguleringsplan for – arealplana for området vart godkjent av kommunestyret i 2017.

Publisert: 18. september 2018, 21:30