Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med skulen på hausttur til Kårvatn

Skrive av Van Adrian, Tor Asbjørn og Shan Allan. Måndag 17. september 2018

Tysdag 11. September drog Todalen og Stangvik oppvekstsenter på tur til Kårvatn. Vi tok bussen opp til Kårvatn og starta spaserturen opp til Nauståfossen. Etterpå gjekk vi til gapahuken. Der grilla vi pølse og kosa oss.

Mange tok med seg fiskestong og fiska. Nokon fekk til og med fisk. Lamaen Lynet kom og helsa på oss fleire gonger. Vi tok nokre bilete på turen som vi har lyst til å vise dykk.

Her har vi laga eit stort bildegalleri frå turen til Kårvatn.  Alle foto: Lærarar og elvar ved Todalen oppvekstsenter

Publisert: 17. september 2018, 13:47