Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Les heile sakaElisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.
Les heile sakaI dag er det Barn i løypa på Tjønnmyra frå klokka 12 og utover, eller familiedag om ein vil. Her blir det både kaffe og kanskje bakels å få servert mellom draga i skibakken.
Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!
Les heile sakaLaurdag 9. mars frå kl 14.00 byr «Venner av skulstua» på kulturprogram i Skulstua. Da blir det musikk med medlemar frå musikkgruppa «The Invalidos», og i tillegg vil Nils Tore Leivdal frå Batnfjorden og Konrad Nerland frå Eide bidra med kulturelle innslag. Det blir gratis inngong, og servering av kaffe og kaker. Utlodding i pausen. Alle er […]
Les heile sakaTidlegare i vinter vart det funne eit dødt rådyr i området ved geilhaugen på Nordvik. Dødsårsaka var ukjent, men dei som fann rådyret tykte det var unaturlege klover på dyret – både lange klover og biklover. Nils Gjeldnes tok vare på alle 4 føttene for å undersøke om kva som kunne være årsak til dette.
Les heile sakaSist sommar, inviterte Ragnar Halle med seg Svein Åge Saksen og Carsten Bohle til Neådalen på fisking. Svein Åge hadde naturleg vis med seg kameraet og har no sett saman ein ferdig film på ca fire minutt frå turen.
Les heile sakaOgså i år står Surnadal folkeakademi i bresjen for å få til markering av kvinnedagen. Denne gongen har dei fått med seg senioruniversitetet som medarrangør.
Les heile saka«Green Book» vart kåra til beste film under Oscar-utdelingane sist måndag. Surnadal kino gir deg difor to nye sjansar til å få med deg storfilmen.
Les heile sakaTorsdag kveld var det årsmøte i Surnadal Jeger og Fiskerforening. Årsmøtet markerte slutten på ei aktivt år for laget, men det som gjorde møtet historisk, var nok at foreninga fekk sin første kvinnelege leiar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.
Les heile sakaTorsdag kveld har det vore premiere for fullsett sal i kulturhuset, der russerevyen «På rett plass til rett tid» hadde den første av 3 forestillingar. Surnadalsrussen 2019 fikk mykje velfortent skryt for revyoppsettinga, der dei viste eit godt og variert revyprogram for eit begeistra publikum. Det blir to forestillingar til – fredag 1. mars kl. 19.00 og laurdag 2. mars kl. 17.00. – Det er enno att billettar til begge forestillingane, og vi anbefaler å ta turen til kulturhuset på revy. Men dersom du vil sikre deg billett, så må du ikkje vente for lenge!
Les heile saka