Målprisen er tildelt to personar med same bakgrunn. Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp får prisen for musikken sin og for innsatsen med CD-en til boka «Enno så segla ho Magnill». Dei song inn songane og var med på produksjonen. Begge har i mange år vore dei fremste formidlarane av den nordmørske folkemusikktradisjonen
Les heile saka
Todalen Grendalag minner om sitt årsmøte førstkommende torsdag kl 19 i Todalen Ungdomshus.
Les heile saka
Det er fleire som har lagt merke til at Innerdalsmerket er borte frå plassen sin. Det har stått det stien og turistlinja over til Innerdalen startar. At skiltet er borte har si heilt naturlege forklaring, for Per Reiten har fått i oppdrag å lage eit nytt skilt – likt det gamle – og brukar derfor gammelskiltet som «modell».
Les heile saka
Tysdag 10. mars kl. 11 skjer det: Endeleg kan vi invitere til opning av frivilligsentralen!
Les heile saka
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 9. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Søndag var det annonsert barn i løypa på Tjønnmyra, men med sol og 10-12 varmegrader vart det berre så som så med skiføret i lysløypetraseen. Men det var mykje anna å finne på i finvêret, og ingen trong å ligge på latsida likevel og både akebakkan og klatreparken vart flittig bruka.
Les heile saka
Eit fint bilete av Todalen kirke ein vinterdag blei månadens bilete for februar. Og vi gratulerer Magne Søyset med bilete som gjekk til topps. Under finn du alle bileta som var med i denne månadens kåring.
Les heile saka
Todalen misjonsforening for Det Norske Misjonsselskap inviterer til jubileumsfest på Eidet bedehus laurdag ettermiddag 14. mars kl 16.00. Foreninga vart skipa i 1845 berre tre år etter at landsorganisasjonen NMS vart til, som ei av dei første i landet i ei avsidesliggjande bygd på Nord-Møre. Foreninga var det første og det einaste organiserte laget i bygda i meir enn tjue år.
Les heile saka
Surnadal taekwon-do klubb var godt representert da over hundre deltakarar frå 10 klubbar var samla til Nordvestmeisterskap i taekwon-do i Larsgårdhallen i Ålesund. Med ti deltakarar frå klubben – 4 frå Ålvundeid og 6 frå Surnadal markerte medlemane seg godt på resultatlista. Frå Todalen deltok Sindre K. Bruset, som tok bronse i mønster og sølv i sparring.
Les heile saka
Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.
Les heile saka
Surnadal bibliotek inviterer alle til å kome og høre på krimforfattar Chris Tvedt torsdag 19. mars kl. 19. Tvedt har opparbeidd seg ein stor lesarskare med sine krimbøker, og vil snakke fritt rundt korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt.
Les heile saka
Roar Halten (47) har denne uken startet i jobben som daglig leder i Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT)
– Jeg ønsker at flere skal skjønne at ALLE faktisk har en hytte i fjellet eller ved sjøen, sier Halten
Les heile saka