Det går ikkje an å seie anna enn at det er stabil arbeidskraft når ein har jobba 47 år i same bedrift. Knut Halset starta på Talgø den 26. mars 1973 – i dag hadde han sin siste arbeidsdag ved Talgø, og det vart feira med pizza og brus, saman med gode kollegaer.
Les heile saka
Onsdag kveld var det igjen duka for sommar-fotball, sjølv om vèret bar meir preg av tidleg haust. 8 born møtte opp og hadde ei bra treningsøkt.
Les heile saka
På årsmøtet i Todalen Idrettslag den 4.juni i år såg ei ny gruppe dagens lys, nemleg Økonomi- og markedsgruppa. Gruppa har slik samansetting: Leiar: Oda Halle, kasserar i hovudstyret Jenny Stensby, medlemmer: Ingunn Mikkelsen og Bjørn Gunnar Ansnes. Jenny Stensby og Oda Halle sit i eigenskap av sine rollar òg i hovudstyret i idrettslaget.
Les heile saka
Endringar i postlova gjer at Posten frå i dag 7. juli vil levere post annakvar dag. Posten har laga ein oversikt som vil gje deg kontroll over kva dagar du kan finne post i postkassa di. Opplegget er slik at du får post måndag, onsdag og fredag den eine veka og tysdag og torsdag den neste. Det er ein dramatisk nedgang i postmengda som gjer at Posten endrar tilbodet med postombering så dramatisk. Sia toppåret 1999 har det gått nedover med postmengde som er delt ut – heile 70 % er mengda redusert på disse åra.
Les heile saka
I sommar blir det kunstutstilling i Skulstuå. Søndag 12. juli kl. 14 opnar Odd Ingar Skrøvseth si kunstutstilling, der han viser måleri, tresnitt, litografi og monotypi. Odd starta først som kunstnar på fritida, men sia 2010 har kunsten vore hovudaktiviteten. Stikk du innom så får du sjå…
Les heile saka
«1000-kronersspørsmålet» på denne tida av året er nok når «Hønhalsen» går av. Langt oppe i Blåfjellet er det ein snøflekk som er forma som ei kvit høne. Etter kvart som den smelter ned blir det synleg eit hakk i halsen på denne høna. Eit gammelt ordtak er at når denne halsen går av, så er det fritt fram for å bade i sjøen.
Les heile saka
Ein varm og god juni er passert og vi har rigga til med månadens bilete kåring. No treng vi di hjelp for å kåra vinnaren. Stem på det bilete du liker best.
Les heile saka
Då kjem det hus for sal i Todalen. Denne gongen er det Todalsøra 78, eller betre kjent som Solberget (Gnr.: 145 – Bnr.: 8 og 33) som kjem for sal. Solberget ligg like ved Todalsfjorden på Todalsøra. Avstand til butikk ca. 2 kilometer, til barnehage/skule ca. 2,5 kilometer og til kommunesenteret ca. 25 kilometer
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag minner om medlemsmøtet på HammerStuene på Surnadalsøra – det skjer tysdag 7. juli kl 1500!
Vel møtt!
En bilfører måtte fredag kveld levere fra seg førerkortet etter å ha kjørt i 97 kilometer i timen i 80-sona forbi en fartskontroll ved Svinviktunnelen i Surnadal. Vedkommende hadde pådratt seg flere prikker tidligere, og måtte dermed levere fra seg førerkortet, skriv Driva.no på sine nettsider.
Så langt i sesongen – etter 19 dager – er det kome på land 53 laksar i Toåa som er meldt inn i Laksebørsen. Det er eit veldig bra resultat, og når ein tenker på gjennomsnitt vekta så vidt tippar over 5 kg, så må dette være det beste resultatet som er oppnådd «i nyare tid». Til saman er det 9 laksar som kan klassifiserast som storlaks på over 7 kg og dei to største er på 10 kg kvar.
Les heile saka
Torsdag ettermiddag pågikk det kanstslått i Brusetmarka, og det var nok stort behov for å pusse litt rundt vegkantane oppover frå Bruset. Spennande blir det å sjå kor langt budsjettet rekk denne gongen for det er stort behov for kantslått også oppover dalavegen til Kårvatn.
Les heile saka