I ei pressemelding frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd no i ettermidda blir vi informert om den nye sommarsesongen og lanseringa av APP. Stikk UT! starter sommersesongen 1.mai, men allereie 14.april kan du sjå årets 470 turmål i den nye Stikk UT! APPen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd er særs godt nøgd med Stikk UT! APPen og gler seg over at folk kan ta den i bruk for å gå på tur i heile Møre og Romsdal og i Heim i Trøndelag.
Les heile saka
I går ettermiddag kom regjeringa med nye nasjonale smittevernreglar i samband med gjenopninga av samfunnet. Frå fredag 16. april blir det lempa på nasjonale tiltaka, i tråd med Trinn 1 i regjeringas si plan for gjenopning.Takka vere god etterleving av strenge smitteverntiltak i påska, er smittetrykket nasjonalt no på eit nivå som gjer det mogleg å gjenopne samfunnet litt igjen.
Les heile saka
Neste veke, veke 16, blir det vaksinering på Surnadal kulturhus fredag 23.april. Målgruppa neste veke er Gruppe 4 (65 – 74 år) og personar 18 – 64 år med sjukdommar som er spesielt sårbare for smitte.
Les heile saka
Dei som prøvde å få kontakt med Todalen .no i dag tidleg hadde problem. Nettsida var nede ei times tid på morgonkvisten, og det var nok problem med webhotellet som var årsak til dette. Nettsida Todalslaks.no som ligg på same webhotell var også nede på same tida. Frå 8-tida har det vore normal drift på nettsida.
Etter er tre veker med påskepause var det tid for kløvertur igjen måndag 12. april. Turruta måtte bli etter allmannvegen, da det er snø både i skogsstigar, skogsvegar og i turstien langs elva.
Les heile saka
Måndag 3.mai ser altså Sparebank! Nordmøre dagens lys. Sparebank1 Nordmøre er eit resultat av at Surnadal Sparebank Slår seg saman med Sparebank1 Nordvest frå denne dagen. Målet for Sparebank1 Nordmøre vil vere å gje positive ringverkingar for banken sine kundar, eigarane, dei tilsette og ikkje minst samfunnet og området den nye banken vil vere ein del av.
Les heile saka
I går vart det meldt om at det hadde gått ras i Nordviksula i løpet av dagen. Undersøking viste at det ikkje var skispor verken inn- eller ut av raset som hadde gått i det brattaste området i framkant. I området Rambjøra og Litj-fjellet gikk det derimot ikkje ras, men der er det folk som har utfordra skjebnen på toppturen til Rambjøra og Vassnebba.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Turmål blir bestemt ved oppmøte.
Les heile saka
Varsom.no melder at det er farenivå 4, høgaste farenivå, for snøskred i Trollheimen både i dag og i morgon (laurdag og søndag). Dette skuldast at nysnøen som har kome dei siste dagane, kombinert med vind, har bygd opp ustabile fokksnølag som lett kan kome i bevegelse. Sør- og vestvende heng er mest utsett, men vind gjer at snøskred kan bli utløyst i alle himmelretningar.
Les heile saka
Vi gratulerer til Torkjel A.Moe med vinnarbilete teke på tur til skihytta i Todalen. En route skihøttå gikk av med ein soleklar seier denne månaden.
Les heile saka
Ein nymotens og digital «gjetargut» skal passe på sauene når dei sleppes på sommarbeite i Trollheimen. – Det er Surnadal og Rindal beitelag som går saman om å investere i elektroniske hjelpemiddel for få betre kontroll på sauene som går på beite i Trollheimen. Det er brukarar frå dei lokale sankelaga som gjennom beitelaget organiserer og utstyrer sauene med elektroniske klavar som gjennom 11 utplasserte signalmottakarar/forsterkarar skal opprette kontakt med brukarane gjennom telefonnettet. Brukarane kan dermed følgje med kva som skjer med beitedyra i fjellet.
Les heile saka
Arbeidet med sikringa av den gamle dampskipskaia ved Kvanne fergekai er utsett. Grunnen til at arbeidet er utsett, er i følge Møre og Romsdal fylkeskommune, at Mesta sin underentreprenør, som skulle utføre arbeidet aldri dukka opp, korkje med mannskap eller utstyr. Kontrakten med entreprenøren er difor no sagt opp, og ny anbodskonkurranse lyst ut.
Les heile saka