Februar og mars er årsmøtetid, og Todalen Idrettslag varslar i dag om sitt årsmøte som blir torsdag 12. mars kl 19.00 i Todalen ungdomshus. Fullstendig sakliste er ikkje klar enno, men blir kunngjort seinast 5. mars, melder styret. Les meir om fristar for innkomne saker og oppseiing av tillitsverv nedafor.
Les heile saka
Et 20 talls personer møtte fram da Stangvik Historielag avviklet sitt årsmøte på Stangvik Oppvekstsenter onsdag 4. februar. Leder Einar Grønnes ønsket velkommen, og årsmelding og regnskap ble godkjent uten anmerkninger. Valget gjekk også greit unna, og det ble gjenvalg av hele styret.
Les heile saka
Todalen var atter utan signal på mobiltelefonen torsdag. – Både Telenor mobil og Netcom har vore utan signal sia føremiddag og fram til 15-tida. Årsaka var ei planlagt strømutkobling på Bjønndulu som stoppa mobillinja inn til Todalen.
Kommunesamanslåingar og regionstruktur er heite tema både i kaffekroken på Halsbua og andre plassar. Meiningane er kanskje like mange som det er debattantar, uten at ein kjem noko vesentleg vidare. På Tidens Kravs nettside tk.no har det onsdag kveld dukka opp eit lesarinnlegg, der fleire store næringsaktørar på Nordmøre prøver å føre debatten inn på nye vegar. Dei vil samle heile Nordmøre til ein stor kommune, med Kristiansund som senter, og med Trondheim til regionhovudstad.
Les heile saka
Sist helg var ein gjeng på fotballweekend til Manchester. Vi har fått bilder frå Ola Talgø, som var med på turen og som har teke vare på nokre minner som vi gjerne deler med våre lesarar. Pakketuren starta fra Værnes natt til fredag, med retur måndag ettermiddag – etter ei aktiv helg og mange opplevelsar i Manchester, som bestod av meir enn berre fotball.
Les heile saka
Siste nytt på tippefronten er «Nabolaget», fortel Jorid Ansnes, i full gang med å henge opp plakater for å promotere den nye tippevarianten på Matkroken L. Hals. Den går i kortheit ut på at du deltar i tippinga med den adressa du er registrert på i folkeregistret – og satsar 50 kr – eller 5-vekers kupong til 250. Hovudvinnaren trekkes tilfeldig – resten av premiene går til naboene som også har spela same veka.
Les heile saka
Det er all grunn til å være forsiktig på det glatte føret måndag føremiddag. Brøytebilsjåføren var uheldig da han skulle snu på parkeringsplassen ved Talgøfabrikken, og sigla rett i Lundebekken. – Og det er ingen grunn til å være hovmodig, for nysnø oppå speilblank is er rett og slett farlig, og vi blir ikkje forundra […]
Les heile saka
Laurdag kveld var todalingane samla til den årlege og tradisjonsrike «Hjortfesta» i Todalen ungdomshus. Hjortfesta markerer at jaktsesongen er slutt og er ei slags sosial evalueringskveld i regi av Todalen idrettslag, der vertskapsrolla går på omgang mellom jaktlaga i bygda. I år var det jaktlaget på sørsida (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som hadde oppgåva som verstskap, og dei inviterte til varmrett – utsøkt viltgryte med råvarer av eigen fangst.
Les heile saka
Frå Anders Gjeldnes har vi fått tilsendt bilder av ei flott songsvane som har tilhald ved utløpet av Toåa og i området Halsetøran mot Todalsøra. Den siste veka har ho hatt tilhald i området og ho finn nok mykje god mat i fjæra i området, og ser ut til å kose seg.
Les heile saka
Misjonær, redaktør og forfattar Jostein H. Sandsmark mista ei dotter da to jenter i ponnivogn vart påkøyrde av bil og omkom av skadene for eit år sidan. Han har etter det skrive ei bok om si sorg, fortviling og sin kamp med Gud, «Pass på liten og på stor». Han tek opp spørsmålet som mange har stilt seg i liknande situasjonar: Kor var Gud da? Han som skulle passa på oss? Tirsdag kjem Sandmark til Surnadal!
Les heile saka
Arrangementet «Onsdagstreffet» ved Surnadal kulturhus omhandlar denne gongen den allsidige transporthistoria på Nordmøre. Her vil Reidar Brøske være den som kjem og kåserer om gods- og trensporthistoria, frå den gong dette gjekk med båt, til den vi har i dag etter veg.
Les heile saka
Ein liten situasjonsrapport frå ungdomshuset, der det no toppar seg i førebuingane til Hjortfesta laurdag kveld. Det er dekt til fest i storsalen, med kvite dukar og alt som hører til. På kjøkkenet var det full sjau med potetskaling og bruning av elgkjøttdeig. – Her skal det bli både nok mat og god mat fortalte sjefskokk Håvard Halset. Det er jaktlaget på sørsia (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som er vertskap og i år er det ikkje noko påmelding – billetter kjøpes ved inngangen når du kjem til festa.
Les heile saka