Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.
Les heile saka
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.
Les heile sakaSurnadal kommune opna for at personar i aldersgruppa 18 – 64 år, utan underliggande sjukdommar, no kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon.
Les heile sakaTysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023. Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.
Les heile sakaTrimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no. Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten. No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til […]
Les heile sakaVinteren er høgsesong for boligbrannar – test difor røykvarslaren torsdag 1. desember! Det er oppmodinga Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale el tilsyn, brannvesenet og Gjensidige kjem med før «Røykvarslerdagen» på torsdag. «Røykvarslardagen» er eit mangeårig samarbeid mellom dei ovanfornemnte.
Les heile sakaEndeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.
Les heile sakaSiste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.
Les heile sakaStangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.
Les heile sakaStangvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Bondehuset første helga i advent, nærare bestemt laurdag 3. desember klokka 16:00. Tradisjon tru blir det gratis mat og stort basarbord. I tillegg blir det, tombola, luftgeværskyting, ballkast og pilkast.
Les heile sakaTorsdag 1. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaSurnadal kulturhus rundar tjue år i år, og det vil bli markert laurdag 3. desember. Kulturskulen startar det heile med sin kaffekonsert klokka 12:00. Konserten kan godt krydrast i for- eller etterkant med eit besøk innom Finstuå. For der har Surnadal kunstforening utstilling «Haustlys», som verkar å treffe mange – og det på ein særleg positiv måte.
Les heile sakaFørste søndag i advent arrangerte Nordvik Grendalag stor førjulsbasar i Grendahuset. Her var det triveleg og god, gammeldags basar etter eit par år med koronapause.
Les heile saka