Styret fikk fornya tillit da Todalen I.L. arrangerte årsmøte i ungdomshuset onsdag kveld. Elinor Bolme forset som styreleiar, medan Jenny fikk 2 nye år som kasserar. Med seg i styret har dei to Endre Talgø som er nestleiar som har eit år att, og Turid Sæter som har eit år att som sekretær. Justina Krajewska er ny leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Bjørn Gunnar Ansnes har eit år att som leiar i Økonomi- og marknadsføringsgruppa, Sissel Halset Storslett har eit år att i Trim og allidrettsgruppa, og Lars Stensby har eit år att som leiar i Anleggsgruppa- drift og vedlikehald.
Les heile saka
Da er dei digitale årsmøtedokumenta til Todalen Idrettslag sitt årsmøte klare og kan lesast i PDF-versjon her på Todalen.no. Todalen Idrettslag sitt årsmøte blir gjennomført i Todalen ungdomshus i kveld klokka 19:00.
Les heile saka
Måndag 11. september, same dag som det er kommune- og fylkestingsval, er det også val av nytt sokneråd. Det noverande soknerådet er valnemnd, og dei er alt i gang med å finne gode kandidatar til det «nye» soknerådet.
Les heile saka
Korleis kan Surnadal kommunenæ kommunisere betre med deg? Det er spørsmålet ei tverrfagleg prosjektgruppe spør om i ei innbyggarundersøking kommunen håper innbyggarane vil vere med å gje dei tilbakemelding på. Alle med folkeregistrert adresse i kommunen skal ha fått ein e-post med oppmoding om å delta i undersøkinga.
Les heile saka
På Hageland Surnadal er det full fart i perioden fra mai til om med juni/juli. – Da er det skikkelig trøkk og behov for flere sesonghjelper som kan være med og ta tak når aktiviteten er på topp.
Hageland har stort behov for hjelp både på dager når det er stor salg, og når det er stor aktivitet med innfylling av varer – da kan det være behov for flere som kan jobbe samtidig og vi treng litt fleksibilitet begge veiene.
Les heile saka
Tysdag 14. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra, og altså ikkje «Elg i løypa», slik biletet over viser! Det blir servering av saft etterpå.
Les heile saka
Nordmørsmusea søkjer etter medarbeidarar til årets sesong i Svinviks arboret. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til kafedrift og publikumsretta arbeid, men andre oppgåver kan også bli lagt til stillingane.
Les heile saka
Fredag 17. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
Les heile saka
Torsdags kveld var det opning av utstillinga «Lines Made By Walking» på Galleri Format i Oslo. Utstillinga er første visning av eit pågående samarbeidsprosjekt, der Siri Skjerve arbeider i hud og Toril Redalen i leire. I utstillingsteksten skriv kunstnarane: – På en måte representerer de to materialene føtter og grunn, beina og stien. Skinn, hud og jord. Mennesket i landskapet. Materialene erfares som noe eget og er samtidig en usynlig del av omgivelser og kropp. En del av oss.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. mars. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Elinor Bolme fanga ein nydeleg Todalsmorgon i februar, og stikk velfortjent av med tittelen månadens bilete. Vi gratulerer!
Les heile saka
Svorka har behov for heile 10 nye medarbeidarar. – Det er 10 nye stolar som treng nokon til å fylle dei. Kanskje er den stolen du har litt vond? Kanskje er du berre litt lei av den? kanskje har du sølt kaffe i den eller kanskje har du berre lyst til å prøve ein ny stol? Og tenk om vi har drømmestolen din her hos oss? Dette seier Svorka i utlysinga av dei 10 stillingane frå dei søker folk til!
Les heile saka