Det er firmaet Norva 24 frå Stryn som melder at firmaet kjem til Todalen for slamtømming av septikanlegget ditt. Tømming vil skje i vekene 36/37 (perioden 4. – 15. september) dersom alt går etter plana. I veka som gikk fikk alle melding om slamtømming og kva tiltak som må gjerast. Norva 24 har avtale med Surnadal kommune om tømming av septikkanlegg
Les heile saka
Nils Magne Røen og Hallvard Kvande, frå arrangørklubben Surnadal Golfklubb, sikra seg seieren i årets «Svorka Mini Maraton». Vinnarlaget fekk 61 poeng, medan heile fire lag kom like bak med 60 poeng kvar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile saka
Sidan vêrgudane ikkje ser ut til å varte opp med noko serleg godt vêr på tysdag 5. september, så da inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag heller til tur i den nye kavlvegen på Eidet, i staden for fjelltur.
Les heile saka
I dag arrangerte Todalen Sanitetsforening den første strikkekaffen. Derme er sesongen i gang og totalt var det nok 15-20 deltakarar som stakk innom Sanitetshuset på Kvennset. Nokre hadde med bunding, medan andre satsa på hekling og kanskje var det nokon som berre stakk innom for å slå av ein prat.
Les heile saka
Endeleg var dagen komen og det var klart for å klippe snora og opne anlegget for bruk. Det er lenge sia ideen til eit kavlvegprosjekt vart sådd, men det er først dei siste åra at ideen har skote fart, og som no altså er sett ut i livet. Det var Daniel Fiske og Margrete Svinvik som fikk den store æra å klippe snora – dermed er kavlvegen klar til å takast i bruk som Kavlvegen kultursti.
Les heile saka
Fredag ettermiddag var representantar frå Surnadal Senterparti på plass utafor Matkroken Todalen. På standen stillte ordførarkandidat Hugo Pedersen, Leiar i Surnadal Senterparti Silje Beate Guldbransen Holten og lokal listekandidat Jon Bruset.
Les heile saka
Tysdag 5. september klokka 19:30 er det «strikkekino» på Surnadal kino. Så er du av dei som likar å strikka samstundes som du ser film, så er Surnadal kino rette plassen på tysdag. Da blir det dempa belysning, slik at ein også kan strikke, når dei viser filmen «Book Club – The Next Chapter».
Les heile saka
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Sjøasetervatnet. Seksten stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur, og det vart ein skikkeleg finvêrstur for turfølget opp til vatnet.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at laurdag 2. september er det strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet frå klokka 13:00 til 16:00. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!
Les heile saka
Valdagen nærmar seg med stormskritt, og i dag var det ein gjeng med raude skjorter som gjorde seg kjent i Todalen. – Vi kom til Todalen for å treffe bygdefolket, slik at vi skulle få høyre kva todalingane er opptekne av og for å bli litt betre kjent i bygda, seier Annett Ranes som er Surnadal Aps ordførarkandidat.
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til «Kafékonsert» laurdag 2. september klokka 20:30. Da kjem Ila strykeband på besøk til Bondehuset i Stangvik, og det er fri inngang. Dei har for anledninga med gjesteartistane Sigrid Vetleseter Bøe, Trygve Brøske, Nina Jori Pedersen, Øyvind Engen og Jo Inge Nes.
Les heile saka