Årets første månadens bilete ble eit bilete tatt heilt på slutten av forrige år, nemleg biletet «Morgengry på årets siste dag» av Ingri Bruset. Vi gratulerer, og lovar at premien blir overbragt snart.
Les heile saka
Årets første månadens bilete ble eit bilete tatt heilt på slutten av forrige år, nemleg biletet «Morgengry på årets siste dag» av Ingri Bruset. Vi gratulerer, og lovar at premien blir overbragt snart.
Les heile sakaTodalen Bondelag har ein fin og god tradisjon: Kvart år i februar kjem dei til oss på oppvekstsenteret og serverer lunsj – eit «kjøle» populært besøk både blant små og store. Det starta opp for snart 20 år sidan (trur vi) – utgangspunktet var eit prosjekt med sunn matpakke. I dag har dei fokus både på «kortreist» og sunn mat: heimebaka brød frå Steinarstua, egg frå Pestuå, jogurt frå Utigarden og lokal mjølk i kakaoen. Sunt pålegg og grønsaker er ein del av måltidet.
Les heile sakaDa er vi klar med nok et blogginnlegg her på todalen.no. Denne gongen skal vi nordover til Hell og Ingrid Trøå. Vi oppfordrer også andre til å sende inn om de har noe å meddele. Om det er fortvilelse over sørpeføre eller bakglatte ski spelar ingen rolle. Det er heilt sikker nokon der ute som sitt med ei god historie eller noko anna å underhalda oss med. Vi er takksame for alle bidrag.
Les heile sakaStart 4H har starta oppatt med fritidsklubben på Bordholmen. Det er opne dører førstkommande onsdag klokka 18 og utover. Her er det muligheiter for ulike spelvariantar og rå for å kjøpe seg noko godt i kiosken. Fritidsklubben vert arrangert annakvar onsdag framover.
Les heile sakaLitt forsenka kjem her sjansen til å stemma fram månadens bilete for januar. Mykje fine vinterbilete har vi fått inn, og det er sjølvsagt ikke noko problem med å sende inn vinterbilete utover året.
Les heile saka«Nordstjernen» er det eldste hurtigruteskipet som framleis er i fart langs kysten, på ruta mellom Bergen og Kirkenes. No er snart tida komen for å gi seg, og 11. mars legg «Nordstjernen» ut på siste rundturen. Da kjem Finnmarken att frå Australia og tek over ruta . Dette blir nok ein minnerik tur, og mange kjem nok til å møte opp på hurtigrutekaia for å ta avskjed med den gamle slitaren, seier todalingen Jon Are Husby som er hotellsjef om bord på «Nordstjernen». Han skal være med på den siste hurtigruteturen til den gamle og ærverdige båten.
Les heile sakaSurnadalsrussen er klar med årets russerevy som dei har kalla «Dommens time». Det er premiere onsdag 15. februar, og det foregår i Storstuå på kulturhuset. I år er det sett opp fire framsyninger, frå onsdag til og med laurdag. Det er i skrivande stund ledige billettar til alle framsyningane, så dersom dy har ønskje om ein bestemt kveld så lønner det seg å vera kjapp til å kjøpa billett. Russen er no kome i til innspurten i øvingane, og lovar at det skal bli mykje moro. Du kan kjøpe billett på nettet eller i kulturhuset. Les også kva Trollheimsporten.no skriv om årets russerevy.
Mildvêret dei siste dagane har gjort at vegen er på det nerast bar utover stranda. Men det er ein god del is i vegkanten, og det lønner seg å være litt forsiktig når du kjem rundt svingen. Det kan plutseleg ligge is i vegbanen. Langtidsvarselet på Yr.no lovar mildvêr og regn fram til neste helg, da det blir kaldare og går over i snø. Rundt bygda er det ein god del is i vegbanen, og dermed noko sporete. Kjør forsikig, for det oppstår lett farlege situasjonar. Kanskje Kolo Veidekke kan ta en tur med vegskråpa og ordne på dette?
Andre søndag i februar er det tradisjon med å feire morsdag. Da er det nok mange som er ekstra tidleg oppe for å heidre mor med kaffe på senga, og kanskje nystekte bakels eller kanskje til og med morsdagskake attåt. Det er no snart hundre år sia denne tradisjonen så smått starta i Noreg. På Wikipedia står det at den første norske morsdagen vart feira i Bergen 9. februar 1919, og vart til å begynne med arrangert av religiøse organisasjonar. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.
Les heile sakaMåndag 6. februar var det festdag ved oppvekstsenteret: – Vi feira både nasjonaldagen til samane og at sola er koma att etter 3 månader bak fjella. Skyene hindra sola å kome fram, men tysdag kunne vi juble over sol på skuleplassen! Elevane i småskulen var vertskap denne gongen. Menyen var tradisjonell, men populær: – Havregrynsgraut og appelsin.
Les heile sakaFra Britt Mossing på skulen har vi fått tilsendt ei rekkje fine bilder frå forrige vekes utflukt til Bordholmen og skøyteisen der. Dei tok turen nedover både forrige måndag og i går, og etter bilda og døme så var det ei vellukka utflukt.
Les heile sakaI går kveld var det arrangert informasjonsmøte i anledning rådmannen sitt forslag om at alle elevane ved Stangvik Skule skal flyttast inn til Todalen skuleåret 2012/13 under opppussinga av Stangvik skule. Dei ulike innstansane som blir involverte i dette har mulegheit til å komme med innspel før saka skal opp i Hovudutval for oppvekst den 14.3.12.
Les heile saka