Karl Johan Husby bur på Todalsøra og driv litt hobbyfiske med sjarken sin – som ligg til kai på Todalsøra. Karl Johan var ute for å prøve fisket ein dag denne veka, og da fant han eit solid båtutlegg som sannsynleg vis hadde kome rekande utåfrå fjorden – eller kanskje heilt uti i frå «fysnå». No ettelyser Karl Johan det rettsmessige eigar av båtutlegget, slik at dei igjen kan bli forent – og eigaren er faktisk funnen!
Les heile saka
Surnadal kommune ønskjer å presisere reglane vedrørande bandtvang. Bakgrunnen for dette, er at dei i det siste, har fått fleire tilbakemeldingar frå folk om at bandtvangen ikkje blir respektert av alle hundeeigarar. Kommunen ønskjer difor å presisere at bandtvangen er absolutt og gjeld i perioden 1.april – 31.oktober i Surnadal kommune.
Les heile saka
Det var Surnadal Sparebank som gjorde ære og stas på Sanitetskvinnene i Surnadal – det vil si dei tre sanitetsforeningane i Surnadal, Torvik og i Todalen. Tysdag vart dei overrekt Surnadal Sparebanks Utviklingspris – den tjuande i rekkja og kanskje den siste. Iallfall den site i Surnadal Sparebanks regi, etter som banken blir ein del av Sparebank1 Nordmøre frå 3. mai.
Les heile saka
Snart er det 1. mai, og da startar sesongen for Stikk UT! sommar. I Surnadal kommune er det i alt i 12 turmål, tre av dei er nye for året.
Les heile saka
Det er stadige endringar i rammevilkåra som gjorde at eigarane i Råssåfoss Kraftverk no vel å selje kraftverket til Småkraft AS. Måndag vart det klart at Småkraft overtek alle aksjar og leige av fallrettane som Råssåfoss kraftverk sitt på.
Les heile saka
Sol frå skyfri himmel, og varme i lufta. Det vart ein riktig så fin dag for kløverturgjengen! Og det vart ein dag for lang og triveleg kaffipause ved gapahuken ved Båthølen.
Les heile saka
Styret i Todalen Idrettslag kallar no inn til det utsette årsmøtet sitt. Årsmøtet blir torsdag 29.april. kl. 19:00 i Todalen ungdomshus. Årsmøtet var opphaveleg fastsett til torsdag den 25.mars, men måtte utsettast på grunn av smittevernreglane. Med nye smittevernreglar blir det mogleg å gjennomføre årsmøtet.
Les heile saka
Som ein direkte konsekvens av koronasituasjonen, blir årets 17.maifeiringa i Todalen slik som i fjor. Det vil seie biltog frå Matkroken Todalen klokka 11:00 – oppover til Gammelfabrikken – og nedatt på sørsida til Matkroken. Feiringa blir avslutta med 17.maigudsteneste i Todalen kyrkje klokka 14:00.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka i dag, blir det orientert om at dei, frå onsdag 21.april og ei lita veke framover, vil gjennomføre ettersyn av linjenettet sitt med lågt flygande helikpoter. Svorka vil i år ettersjå heile høgspentlinjenettet sitt ved å bruke helikopter.
Les heile saka
I eit orienteringsbrev frå Miljøverndirektoratet 15.jaunuar 2021, blir 75 av landets kommunar orientert om at direktoratet har igangsett ei fagleg vurdering av om det er områder der det kan vere aktuelle å utvide dagens landskapsverneområder. Vurderinga inneheld òg ei eventuell omgjering av delar av dagens landskapsverneområder til nasjonalparkar. Surnadal kommune, er ein av dei 75 kommunane som har motteke orienteringsbrevet. For Todalen vil den skisserte utvidinga av Trollheimen landskapsverneområde bety at grensa til landskapsverneområdet kjem nesten heilt ned til husa på Kårvatn.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 19. april. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Todalen Idrettslag held no på med oppdatering av medlemsbasen sin for å kunne sende ut medlemskontingenten for 2021. I samband med dette registrerer dei epostadressa til medlemmene sine. Dette gjer at mange, no i helga, har fått ein epost frå Norges Idrettsforbund. Denne eposten ser slik ut:
Les heile saka