Etter ein vinterleg innspurt med snøbyger, nattfrøst og snøslaps på vegane, ser det ut som våren endeleg er på veg. I slutten av veka blir det finvêr, og i neste veke blir det etter meldingane 2-sifra varmegrader, skal vi tru yr.no i sitt langtidsvarsel.
Les heile saka
Tre heldige billettvinnarar trekt
Todalen IL har i kveld trekt vinnarane av Surnadal kommune sine gratisbillettar i oppgjøret mellom KBK og LSK 13. mai. Dei heldige vart….
Les heile saka
Kløvertur utover til Haltbakkan; blir du med?
Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.
Les heile saka
Stengt bibliotek x2 i veke 19
Ventilasjonsanlegget på kulturhuset på Skei vil bli renovert i første veka av mai. Det vil føre til at dei dessverre må halde stengt ved biblioteket. For å unngå å gå «tom» for bøker, anbefaler dei derfor eit besøk før den tid.
Les heile saka
I kveld: Dugnad på kyrkjegarden
Det er tradisjon å rydde vekk og ordne etter vinteren på kyrkjegarden før konfirmasjonshelga. Onsdag 26. april kl 18 møtes vi på kyrkjegarden og tek med oss river, spader, trillebårer og anna egna utstyr, melder soknerådet i ein e-post til Todalen.no
Les heile saka
Sjakkfinalen: Kristoffer gikk til topps
Det var litt nervøs stemning i ungdomshuset før starten på finaletevlinga i ettermiddag. Tilsaman var det 10 kampar som skulle avgjerast, og tilsaman 6 bord var rigga til med sjakkbrett, brikkar og klokker – her skulle det kjempast. Før starten såg vi tendens til litt prykologisk krigføring, men det høyrer vel med i førebuingane på slike arrangement, men vi kan ikkje stikke under ein stol anna enn at det var god stemning.
Les heile saka
Temagudsteneste i Stangvik
Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard har sentrale roller i søndagens kveldsgudsteneste i Stangvik-kyrkja. Gjennomgåande tema er Jesu liv og gjerning – framstilt med drama, rørsle, lesing, solosong og allsong. – Dette er ei gudsteneste for alle – slett ikkje berre for konfirmantar, understrekar prest Torbjørn Brøske, som har utarbeidd ni scener frå Jesu liv som utgjer midtdelen i den elles vanlege liturgien
Les heile saka
Sesongslutt for strikkekafeen
Strikkekaffe er ein typisk vinteraktivitet, som passar best på vinterføre og når snøstormen uler rundt nåva. Men no er det slutt for i år, sjølv om det faktisk var snø i lufta i ettermiddag da strikkarane var samla i Sanitetshuset på Kvennset. Med 3-4 varmegrader i lufta er det best å drive inneaktivitetar, men på tampen av april er det vel eigentleg tid for uteaktivitetar.
Les heile saka
Eit år fullt av aktivitetar!
Surnadal Jeger og fiskeforening har sendt over si rikhaldige aktivitetsoversikt for kommande år. Her er alle aktivitetane lagt inn for dei ulike avdelingane som foreninga er inndelt i:hovedstyret, fiskeutvalget, dameutvalget, jaktskyterutvalget, jaktutvalget og hundeutvalget.
Les heile saka
Premiere for ny stavgangsesong

«Helvete er de andre»
«Helvete er de andre» kjem til Surnadal kulturhus torsdag 27. april kl. 19.00. Utgangspunktet for stykket er dei filosofiske tekstene til franske Jean Paul Sartre. Gjennom ei leiken og teatral form sett Teatret Vårt Sartres idé om helvete opp mot vår tids ønske om å bli sett av andre.
Les heile saka
10. året med innsamling til Estland
I går ettermiddag var den tradisjonelle «Estlandsinnsamlinga» i Sanitetshuset. Ruskete verbruk gjorde nok sitt til at det ikkje vart nokon innsamlingsrekord, eller så har todalingane no fått orden i overskuddslagra sine. I løpet av tre timar vart det levert 55 fulle svartsekkar som no allerede er levert til ekteparet Jensvoll i Rindal for vidare transport til Estland i løpet av neste veke.
Les heile saka