Soknerådet minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 17.9.2017 kl 11:00, der neste års konfirmantar vil bli presentert for kyrkjelyden. Offer til Kyrkjebladet. Det er prost Leif Endre Grutle som forrettar.
Les heile saka
Soknerådet minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 17.9.2017 kl 11:00, der neste års konfirmantar vil bli presentert for kyrkjelyden. Offer til Kyrkjebladet. Det er prost Leif Endre Grutle som forrettar.
Les heile sakaTorsdag var det ny stavgangtur for Stavganggruppa. Turmålet denne gongen var Søyådalen og innover til Mellingsetra. Det var bilskyss eit godt stykke innover, og siste biten vart gjort unna til fots. Til sammen var det rundt 60 deltakarar, og det er nok mesta rekord. Det store deltakartalet kjem nok delvis av at omsorgsklassen på Surnadal Vidaregåande skule deltok på turen. Dei gjorde også denne gongen stor lykke med traktering av sjokoladekake til kaffen.
Les heile sakaDen siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Stem på din favoritt nederst på sida, avstemninga er åpen fram til fredag. Vi beklagar forsinka avstemning, grunna sykemeldt teknisk stab.
Les heile sakaOnsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen!
Les heile sakaDenne store kulturbegivenheten har nok gått under radaren til mange – så langt; tirsdag 19. september kommer Ketil Bjørnstad, Anne Grosvold og Ole Paus til Surnadal kulturhus.
Les heile sakaAllsongkveld i Todalen
Onsdag kveld inviterer koret Prosjekt 17 til «Haustsongfest» i Todalen Ungdomshus. Allsong, korsong, kaffe og utlodning står på programmet.
Med dette vil koret vidareføre ein songtradisjon der alle kan delta etter lyst og ønske. Atmosfæren er lett og avslappa – med kaffekos som viktig programpost. Allsongarket kombinerer nytt og velkjent stoff frå song- og visebøker.
«Prosjekt 17» (P17) er fortsettelsen av tidlegare Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor. Mellom allsongane byr P17 på utdrag frå slager-CD’en «Melodiminne», «Seterkabaret frå Todalen» og Bøfjord-kabareten «Med segl og Wichmann».
Les heile sakaTysdag kveld var det avslutting for lagseriestemna i friidrett for sesongen 2017. Det er ski- og friidrettsgruppa som arrangerer lagseriestemna, og dei hadde lagt avluttingskvelden til Tjønnmyran.
Les heile sakaNorske kunsthåndverkere i Midt-Norge er i gang med eit kunstprosjekt som heiter DELING. Målet her er kunnskapoverføring – deling av kunnskap basert på materialar og lokale ressursar. Handverk og arbeidsmetodar er sentralt i prosjektet.
Les heile sakaKløverrusleturen måndag 11. september gjekk frå Matkroken og utover til Småbåthamna. Oppmøtet var godt, det er tydeleg at mange synest det er triveleg å ha turfølgje.
Les heile sakaDa er Stortingsvalet 2017 i gang, og i Todalen er røystelokalet i biblioteket i skulen. Vallokalet er ope til kl. 20.00 i kveld.
Les heile sakaSøndag og måndag er det stortingsval i Noreg. Da er det viktig at du brukar stemmeretten din, for akkurat di stemme kan være avgjerande for resultatet av valet. Vi skal ikkje legge oss borti kva parti du skal stemme på, vi berre oppfordrar deg til å møte og gi di stemme. I Todalen er vallokalet ope frå kl 12:00 til 20:00
Les heile sakaTirsdag klokken 18 inviterer ski og friidrettsgruppa til avslutning av årets lagseriestemne på Tjønnmyra. Idrettslaget stiller med pølse og brød, frukt og kaffe til alle som kjem.
Les heile saka