I går fekk Trimgruppa til Surnadal Pensjonistlag ein bra start på innetrimsesongen på Frivilligssentralen på Skei.
Les heile saka
I går fekk Trimgruppa til Surnadal Pensjonistlag ein bra start på innetrimsesongen på Frivilligssentralen på Skei.
Les heile sakaKomande laurdag 14. oktober slår vi på stortromma og serverer gratis kaffe og blautkake i tidsrommet 10:00 – 15:00. Det skjer i samband med at vi markerer «Handle lokalt-dagen». Dagen blir markert over heile landet i alle såkalla «Merkur-butikkar» som deltek i Merkurprogrammet.
Les heile sakaDet har vore utfordrande å drive med sauesanking i år – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem. Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno – knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne. Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom.
Les heile sakaKristian Gjeldnes er meisterfotografen bak månadens bilete i september, vi gratulerer! Les òg om kva lagret av innsendte bilete og ein svært lokal matbehaldar har til felles.
Les heile sakaSurnadal kommune lhar lagt ut «Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 27» til høyring. Høyringsfristen er sett til 3. november. Planen vil etter plana bli behandla i kommunestyret 23. november.
Les heile sakaSøndag 15..oktober frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Venner av Skulstuå i Todalen igjen til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker. Leikekrok for dei minste og kortspelrom for ungdommane.
Les heile sakaKammerkoret Ensemble Dalí inviterer søndag 15. oktober klokka 16:00 til Rakhmaninovs storslåtte Vesper i Stangvik kyrkje. Verket hadde urpremiere i 1915 og Dalí framførte verket i 2016, da i samband med koret sitt 10-årsjubileum. Dei gler seg til å bringe Vesper til liv att.
Les heile sakaI samband med ny kommunestyreperiode, 2023 – 27, skal det veljast to brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og nye medlemmar til Eldrerådet.
Les heile sakaVinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga.
Les heile sakaDenne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Les heile sakaMatkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire. 31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.
Les heile sakaEtter kløverturar utanom Kammen i september, vart det rolege kløverturar i Toåa tursti dei to første måndagane i oktober.
Les heile saka