På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag, før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.
Les heile saka
På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag, før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.
Les heile sakaDagens lysmesse i Todalen kyrkje samla over 50 tilhøyrarar, og var ei triveleg samling og gjenhør med mange veteranar. Vikarprest var Torbjørn Brøske, som innleia gudstenesta med å minne oss på kor heldige vi er som kan feire adventstida og seinare jula i ro og fred uten frykt for krigshandlingar. – Må vel være enig i at det er litt betenkeleg når så mange prøver å skape ro og fred uten at dei får det til – vi kan f.eks nemne Nato, EU, FN og mange andre.
Les heile sakaSøndag 3. desember er 1. søndag i advent, og på denne dagen er det 2 nye gevinstar som er trekte ut! Den eine gevinsten er eit flott vottpar i rødt og kvitt. Her var det Kristian Hauglann Talgø som trekte det lengste strået og vart ny eigarmann for vottparet.
Les heile sakaSurnadal formannskapet vedtok i sitt møte 28. november budsjett- og økonomiplan for perioden 2024 – 27 for Surnadal kommune. Dokumentet er no lagt ut til offentleg gjennomsyn, og den som ønsker det, kan koma med uttale til formannskapet sitt forslag til budsjett- og økonomiplan.
Les heile sakaStangvik historielag sitt årsskrift for 2023 er no ferdig, og blir i desse dagar sendt ut til laget sine medlemmer. Årsskriftet vil også vere å få kjøpt, mellom anna på Matkroken Todalen. Årsskriftet kan også kjøpast direkte frå historielaget ved å kontakte Einar Grønnes på telefon 918 94 944 eller Marit Haugen på telefon 480 49 218.
Les heile sakaTrimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening tek ein ny vri på basaren sin i år: Sanitetsforeninga inviterer til adventsstund i Sanitetshsuet tysdag 5. desember kl. 17:00.
Les heile sakaFredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset. Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag. Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.
Les heile sakaNordvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 10. desember klokka 17:00. Grendalaget lovar skikkeleg basarsøg og fin førjulsstemning.
Les heile sakaSøndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.
Les heile sakaEndeleg er dagen komen og vi kan publisere dei første vinnarane i Trimgruppas Julekalender 2023. Og det er ikkje småtteri vi trør i gang, fortel medlemene i Trimgruppa som har organisert både innsamling av gevinstar, salg av kalendrar og frå 1. desember er ein altså i gang med trekkninga.
Les heile sakaTorsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset. Det var Kari Løvendahl Mogstad som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.
Les heile saka