Pakkhuset Kro på Todalsøra minner om at det er open pub i kveld, og ønsker alle velkomne frå kl 21 og utover.

Satsar på 20 000 besøkande
I skrivende stund har todalen.no opp i mot 20 bedrifter og 15 lag og organisasjonar som medlemmar. Det har den siste tida vore ei lita auke, noko vi er veldig fornøgd med. Men enno er det plass til fleire. Så om det er nokon som ikkje har fått forespørsel frå oss, er det berre å ta kontakt med redaksjonen så ordnar vi det. Som de ser av logoane på høgre side er det ikkje berre snakk om bedrifter frå Todalen, men også ein heil del frå Surnadal. Men er det nokon som kunne tenkt seg å bli medlem utafor Surnadal kommune er dei òg hjarteleg velkomne!
Les heile saka
Stem på månadens bilete for juli
Då er det til for å kåre månadens bilete for juli. Juli har hatt nokre finvêrsdagar, men mange av motiva vi har fått inn er av regnbuar, som tydeleg viser at det har vore skiftande. Uansett er vi klare med kandidatane vi har plukka ut denne månaden.
Les heile saka
Til Snøfjellet og Skjerdingfjellet
Tor Kvande og Torbjørn Larsen var tysdag på tur til Snøfjellet og Skjerdigfjellet. Dei hadde med kamera, og frå Tor Kvande har vi fått e-post og fine bilder. Bilda er lagt ut i eit lite galleri nedarfor. Tor Kvande skriv i e-posten: «Tur opp via Tårnet til Snøfjellet og heimat langs ryggen på Skjerdingfjellet. Sender bilder frå ein fin tur gjennom tåkehatt og opp på fjell i hjertet av Norge.»
Les heile saka
Både G16 og G14 er ute av sluttspillet
Etter tap i gårdagens kamper går begge laga ut av sluttspillet, skriver Knut Haugen på I.L. Søyas hjemmeside. «G16 tapte onsdag 1/64-finalen (A-sluttspill) mot Bjørndal IF på straffesparkkonkurranse, etter at det fortsatt stod 0-0 etter ekstraomganger. Og onsdag kveld møtte G14 bergenslaget Nordre Fjell 1/16-finale i B-sluttspillet. Kampen endte med tap 1-3, men våre gutter gjorde en kjempekamp med heroisk innsats mot eldre, fysisk sterke og store bergensere.»
Les heile saka
A- og B-sluttspel
Både G14 og G16 er no ferdige med sine innleiande kampar påN orway Cup. Dette har resultert i A-sluttspel for G16 og B-sluttspel for G14. G16 har vunne 2 og tapa 1, der dei viste bortimot årsbeste i siste kamp mot Hald/Skogsvåg/Telavåg med sigeren 3-0. G14 har tapa 2 og vunne 1, og berga dermed så vidt B-sluttspelet.
Les heile saka
Kjentfolk på «Sommeråpent» i kveld
Tysdag kveld treffer vi kjentfolk i programmet «Sommeråpent» på NRK1. Da er nemleg Torstein Snekvik gjest i programmet, som er direktesendt frå Operataket i Oslo. Programmet startar kl 21.30 og som sagt på NRK1.

Sykkeltrim i onsdag kveld
T.I.L. trimgruppa minner om sykkeltrimmen onsdag kveld. Oppmøte på Bordholmen og start mellom kl 18 og 20. Kiosksalg med kaffe, bakels og forfriskningar.

Turtips – Aursjøvegen
Måndag gikk turen frå Todalen med Aursjøvegen som reisemål, via Sunndalsøra og oppover Litjdalen. Etter å ha betalt 70 kr i bompengar i Litjdalen bar det oppover dalen til vi etter ei stund forsvann i skodda. Vi kom ut av skoddeheimen like nedafor Holbudammen, og derfrå var det sol og fint sommarvêr med 17-18 varmegrader. Ved Holbudammen var det vedlikehaldsarbeid i gang på damanlegget og derfrå og ned til kraftstasjonen på Sjølseng går vatnet i tunell.
Les heile saka
Kvit varde
Også i år er kunstnarprosjektet til Toril Redalen; Kvit varde med i programet til Norsk Vandrefestival. Vardebygginga som starta i fjor, er i år oppsett til laurdag 13. august med oppsatrt klokka 10 frå Innerdalsmerket.
Les heile saka
Saknar sykkelen sin
Ingrid Bergå saknar sykkelen sin etter pubkvelden for 2 veker sia. Det er ein plommefarga damesykkel som stod i garasjen, og som kom bort i løpet av natt til søndag. mest sannsynleg trur ho det er ein pubgjest på veg heim som er syndaren, men tykkjer det er utruleg frekt å gå inn i garasjen til folk for å ta seg ein sykkel.
Les heile saka
Bare Egil Band til Surnadal
Fredag 26. august kjem einmannsbandet Bare Egil Band til Surnadal kulturhus for ein av 12 spesialkonserter. I den anledning etterlyses det etter ein person som kunne tenkt seg å opptre med Egil på scena. Konserten skal filmast, fordi NRK skal laga ein dokumentar rundt den planlagte turneen.
Les heile saka