Guttene på Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G14 sitt 7’er lag gjer det fortsatt kjempebra under Norway Cup. Dei spela i dag tidleg 1/8 finale mot Ranheim 3, som dei slo 3-0. I følge rapportar vi har fått spelar mannskapet kjempebra og klarar fortsatt å halde tempo og glød oppe på 5. dagen. Målscorerar var Tore Bæverfjord, Erik Kvendset […]
Les heile saka
Karin Halle i Surnadal kommune melder at første rutebåt frå Todalen til Kvanne går frå kaia ved settefiskanlegg i Rossåa fredag kl 12. Det arbeides no med ei ruteplan for hurtigbåten, men den er klar først fredag. Dersom det er nokon som treng båtskyss utover til Kvanne eller Svinvika før den tid, så kontakt Karin Halle på telefon 416 19 200.
Parkering i gardstunet skaper litt problem for gardsdrifta i Svinvika. Sven Olav Svinvik ber difor om at parkering skjer etter gammelvegen frå krysset ned til garden og innover mot Vika. Det er viktig å ta hensyn til at mjølkebilen og traktortrafikk kan gå uhindra av parkerte bilar.
Les heile saka
Husby og Halle vassverk melder at på grunn av straumbortet er det kokepåbod av drikkevatnet på grunn av delvis utkopla reinsing. Slik vil det normalt være ved straumbrot i Todalen også i framtida.
Les heile saka
Torsdag ettermiddag var det nytt info møte på Talgø med mange frammøte. Det er nok naturleg at situasjonen som har oppstått i forbindelse med raset er omfatta med stor interesse, og eit hundretals personer deltok på møtet. På møtet var det folk fra Surnadal kommune, Svorka energi og frå Statens vegvesen. På møtet var det ikkje så veldig mykje nytt, men det var forsåvidt både gode og dårlege nyheiter.
Les heile saka
Vi har fått informasjon frå Surnadal Kommune om tiltak som er sett i verk etter raset. I dag er det informasjonsmøte på Talgø kl. 14.00, og vi kjem tilbake med meir informasjon etter det. Vi refererer frå Surnadal Kommune nedanfor.
Les heile saka
Torsdag er dagen derpå i Todalen. Etter det store raset som gikk onsdag føremiddag har det nerast vore unntakstilstand i bygda. Det første døgnet har vore prega av stor aktivitet med å organisere funksjonar som har stoppa opp på grunn av strømmangel og mangel på veg inn i bygda. Svorka har gjort ein kjempejobb, og fått på plass 4 store agregat som forsyner deler av bygda, men enno er det flertalet av abonnentar som manglar strøm.
Forøvrig blir det eit nytt informasjonsmøte på Talgø torsdag kl 14.00
Les heile saka
Styret i Norsk Vandrefestival melder om at arrangementet går som planlagt med base i Svinviks Arboret. Dei er naturlegvis glade for at ingen vart skada i forbindelse med dagens hending inn mot Todalen.
Les heile saka
Todalen er framleis isolert frå omverden. Etter skaden som raset gjorde på veg og kraftlinje onsdag i 9.30-tida er heile Todalen utan strøm og det 100 meter brei raser har reist med vegbanen i ca 50 meter bredde. Der vegen gikk er det no renska ned til fjellet, og det vil bli eit omfattande arbeid å få til at ny veg.
Les heile saka
KUST G14 sitt 7’er lag slo i dag først Bekkelaget 2-0. Dermed gjekk dei vidare til 16-delsfinale kl 16. Målscorarar her var Kevin Anders Brusethaug og Vebjørn Vang Aas.
Les heile saka
Eit stort ras har gått i Stranda inn til Todalen. Veien er borte i ei strekning på minst 100 meter. Raset gikk litt før kl 10, og det tok også kraftlinja, slik at Todalen er utan strøm. Det er etter all sannsynlighet ikke bilder eller folk som rammet av raset. Todalen er nå uten veg og strøm, men beredskapsarbeidet med å gjenopprette kommunikasjon er alt kome i gang. Vi kjem med meir info etter kvart som vi får gjnoppretta kommunikasjonslinjer.
Les heile saka
Norsk vandrefestival har offisiell opning fredag 2. augst, men har alt tjuvstarta (eller varma opp) med fleire arrangement. Og enno vil det blir fleire tjuvstartar, mellom anna onsdag da det blir arrangert tur til Rambjøra i Todalen. Den turen startar fra krysset ved Halsetvegen kl 10.00, og går opp Halsetlia med Knut Halset som kjentmann. Neste lokale arrangement er tur til Romådalen. Det skjer torsdag 1. august, og her er det Nils Røv som er guide på turen innover det godt bevarte seterdalen
Les heile saka