Fredag vart T-Komponent den første bedrifta i Rindal som fylte krava til å bli Miljøfyrtårn i Rindal. Under ein offisiell seremoni på kantina hos T-komponent kunne ordførar John Ola Aspli overrekkje det synlege beviset til dagleg ledar Elmer Talgø. Alle tilsette var samla i kantina for å feire at dei var i mål med prosessen, og […]
Les heile saka
Knott og regnyr i lufta er vel det som blir husket fra årets St. Hans-feiring på Nordvik. I år ble en årelang tradisjon brutt ved at feiringen ble flyttet fra Røe-fjæra til Nordviksetra. Dette hadde sin årsak i at det var en storstilt ryddeaksjon rundt seterstølen på oktober i fjor, og det var derfor rikelig med bålvirke. Pga. nedbøren var det heller ingen fare med å tenne alle bålene samtidig, og det brant godt fra 8-9 bål når det ble spedd på rikelig med diesel.
Les heile saka
47 personar var samla på Vang skisenter da stavganggruppa hadde siste samlinga i vårsesongen. Etter marsjen var det servering av graut (mølsgraut og smørgraut) og bakels, medan Guri Saltnes og Lars Vang spela alt frå vakre songar til feiande pols.
Les heile saka
Da er omsider sommerens første blogg klar. Gjermund Moe fungerer fortsatt som mellommann for todalen.no, men sida det har vore våronn og eksamenstid har det teke litt på tida. Men no er det i allefall her, bidraget frå Ivar Hyldbakk.
Les heile saka
Vergudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side under arrangementet av St Hans feiringa no i kveld. Litt nedbør og sur vind gjorde nok sitt til at ikkje så mange tok turen nedover til fellesarrangementet som Idrettslaget stod for. Dei held varme grillar, medan dei oppmøtte orda med grillmaten sin sjølv. I kiosken var Svein og Karen med nystekte bakels med smørgraut.
Les heile saka
Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!
Les heile saka
Todalen I.L. inviterer bygdafolket til St. Hans-feiring på Bordholmen torsdag 23. juni kl 18.00. Det blir ordna med varme på grillen og kiosken er open for salg av kaffe, is og brus. Ta med eigen grillmat! Fritt leide for borna med fotball, leik og bruk av trøbilane. Alle er velkomne!
Den 7. juni satte Rune Gjeldnes og Cecilie Skog ut på ekspedisjon fra Cape Discovery i Canada. Målet var Nordpolen og drømmen om å være den første sommerekspedisjonen til Nordpolen uten etterforsyninger.
Les heile saka
Ungane ved Todalen oppvekstsenter har også denne våren forebudd seg utruleg godt då dei inviterte til avslutningsfest på skulen i går kveld. Barnehagen og småtrinnet opna med sjørøvarviser og skodespel, der det var både innlevelse, sjarm og prestasjonar. Dei eldste, altså 5.-7. klasse hadde òg øvd i massevis og trylla fram den eine songen etter den andre. Beundringsverdig at så mange, og ikkje minst unge vågar å opptre i slik grad som dei gjorde. Mange av desse vil vi nok sjå att ved seinare høve.
Les heile saka
I følge dei mest ivrige fotballtilhøyrarane, var det i kveld århundres kamp på Bordholmen. Der møttest G16 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal til eit retteleg nabo oppgjør. Her trekte «våre»gutar det lengste strået og slo Surnadalingane 2-1. Kristoffer Nordvik scora begge mål for S/T/K/U. Gå inn på Søyasida for eit fyldig referat.
Les heile saka
No er det tid for å rydde i skuffer, skap, loft og kjellar for å finne fram lopper til Todalsdagens store loppemarknad, seier Jostein Bruset og Borghild Talgø i «Loppekomiteen». Vi tek i mot lopper onsdag 29., torsdag 30., samt fredag 1. juli på Bordholmen. Treng du hjelp kan du ringe til Borghild 908 41 614 eller Jostein på 416 21 177.
Martin og Karoline dreiv loddsalg ved ICA Todalen laurdag føremiddag. Det er førehandssalg for SuperLotteriet til Todalsdagen, og dei fortalte at loddane gikk unna. Søndag ettermiddag var Trym og Ingebrigt på plass for å selge lodd. Jobben går på omgang.
Les heile saka