Torsdag kveld arrangerer biblioteket og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.
Les heile saka
Torsdag kveld arrangerer biblioteket og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.
Les heile sakaFørstlkommende onsdag startar herretrimmen oppatt. Dei ønker alle over konfirmaasjonsalder og oppover til fartsfylt mosjon ved Todalen skule frå 20 til 21.30. Primus motorar er Knut Jarle Bergli og Dan Roger Pedersen. Så her er det berre å blese støvet av gymskoa og ankelstøtta og driste seg i veg. På eige ansvar.
Les heile sakaFor tiden er det stor byggeaktivitet i Sollifeltet på Nordvik. Ingar Waag holder på med et påbygg for å få campingvogna i hus, og Andreas Bele Sæterbø holder på med ny enebolig. Sistnevnte bygger utenom det kommunale boligfeltet, og benytter tomta der Johanna og Harry Skarvøy bodde, nemlig Nordvikjelen. Dette har sin årsak i at Andreas er samboer med Marit Gjeldnes, dotter til Randi og Per Gjeldnes.
Les heile sakaElgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.
Les heile sakaBåtsesongen går mot slutten, og Finn Ranes og Olav Kvendset har bruka søndagen til å ta på land familiens to båtar. Nå står det berre att litt pussing og reingjering, så er det klart for vinteropplag. Så er det berre å vente, og gle seg til ein ny sesong og ny sommar på sjøen. For eigen del håpar eg at sommaren blir betre enn årets, og det er nok båtfolket enige i også! Dei fleste har no fått båtane på land, og vi kan vel vente at det etter kvart blir isproblem i småbåthamna. Kuldegradene er ikkje langt unna, sjølv om vermeldinga ikkje tyder på at det blir den første veka.
Strikkekaffeen som jamnleg møtes i Sanitetshuset på laurdagar har engasjert seg i strikking for fortidlegfødte barn. Dei har kasta seg med på «Amandaprosjektet». Dette er eit prosjekt starta av eit foreldrepar som hadde ei lita dotter som levde så og seie heile sitt liv på nyfødt/barne intensiven på Rikshospitalet. Her produserer dei bittesmå sokkar, luer og tepper, som er planlagt å leverast på nyfødtavdelinga ved St. Olav i Trondheim. Dei engasjerte damene presiserer at det slettes ikkje er nødvendig å møte opp i sanitetshuset. Ein kan delta i prosjektet uavhengig fra kvar ein er. Tanken var å kunne levere ei ladning til jul.
Les heile sakaSøndag er det familiegudsteneste i Todalen kyrkje kl 11.00, med sokneprest Bernt Venås. Da er det utdeling av 4- og 6-årsbok. Takkoffer til Nordmøre Søndagsskulekrets.
I helga er Surnadal i sentrum for NBUs haustarrangement 2011. I år er nemleg haustarrangementet for NBU lagt til Surnadal, og det er venta 2-300 gjestar til arrangementet. Arrangementet starta fredag kveld, og går over 3 dagar, men laurdag er nok den dagen som har det mest rikhaldige programmet. På heimesida til Haustarrangementet finn du meir opplysningar om det som skal skje utover dagen.
I dag, onsdag, har vi igjen inntatt en herlig middag i “Eldremiddagen”, laget og servert av de to dagens kokker Bodil og Brit, som nok en gang viste sine suverene ferdigheter. Dagens meny var ikke dårligere enn Bakalao og sviskergrøt. Vi hadde også tre spesielt inviterte gjester med oss, og to av de tre hadde dessuten bidratt spesielt til bakalaoen! Vi har vært så heldige å få todalspoteter i mengder fra Kjell og Johan K, (Øyen og Ørsal) som blant anna ble brukt i dagens rett. Dagens tredje inviterte gjest var Finn Talgø, som takk for tjenester Talgø har gitt Eldremiddagen, bl.a kaffelag på gammelfabrikken. Vi setter stor pris på slike sponsorgaver.
Les heile sakaDet var dramatikk på slutten da Surnadal G16 slo STKU G16 med 3-2 onsdag kveld. Det skriver Knut Haugen i sine kommentarer om kampen mot Surnadal. Det var nemlig lokaloppgjør mot Surnadal i årets siste seriekamp for G16 på Øye stadion onsdag kveld. Hjemmelaget ledet helt fortjent 1-0 etter 1. omgang. Men mot slutten av kampen ble det både dramatikk og spenning… Dette kan du lese mer om på I.L. Søyas hjemmesider.
Dei trossa regnvêret og drog til Romådalen på tekkjardugnad på Jostusetra onsdag morgon. Lars Kvendset som var tekkjarsjef fortel at det var langt frå ideelle tilhøve for taktekkjing, men men med god hjelp av ein iherdig gjeng kom torva på plass i løpet av dagen. Det var viktig å få på plass torva før vinteren gjer sitt inntog i Romådalen, slik at taket ikkje skulle få skade i løpet av vinteren.
Ja, det er oppfordinga til elevane ved Todalen skule. Skuleelevane har nemleg vore med i Jakten på Kartongmeterskatten i 2011. Kvar dag skyl, brettar og stappar dei drikkekartongar før dei leverer dei til gjenvinning. Her ein dag fekk dei ein pakke i posten. Dei hadde vore så heldige å vunne eit isbjørnfadderskap i WWF. Som isbjørnfadder er dei med på å bremse klimaendringane og sikra isbjørnen si framtid.
Les heile saka