Den planlagte solidaritetskvelden på Todalen Oppvekstsenter tirsdag 15. november er utsett i ei veke til den 22. melder rektor Dordi Jorunn Halle til todalen.no. Dei har bestemt å utsetta det fordi arrangementet kolliderer med fleire andre arrangement. Meir info om kvelden kjem seinare.
Les heile saka
Bindalsbruket er godt i siget
På vårparten overtok Talgø Invest AS som majoritetseigar i Bindalsbruket på Terråk. Bindalsbruket produserer Trenor dører, og marknadsfører inner- og ytterdører gjennom byggvarebutikkar over heile landet. Arne Rudningen som har vore innkjøpssjef hos Talgø, tok over som dagleg leiar for Bindalbruket og er no godt i gang med snuoperasjonen ved bedrifta. Han fortel at denne prosessen har gått etter plana, og at det no er ei veldig fin utvikling ved bedrifta.
Les heile saka
Pub på laurdag
Erling Halle melder i ein kort epost til redaksjonen om at det på laurdag blir open pub på Pakkhuset Kro. Det er no vore lenge sidan sist, så det er vel på sin plass med litt sosialisering før julestria sett inn for alvor. Redakjonen har ikkje fått melding om eventuell servering av fast føde.
Les heile saka
Har du eit høveleg bilde?
Dette er det teatergjengen med neste helgs oppføring av «Huldredans» som no spør oss om. Dei ønskar at dei som har høvelege trolske eller huldreaktige bilder i arkivet sitt sender de inn innan neste fredag på føremiddagen. Då er det godt mogleg at du får sjå det på lerretet i Storstuå under forestillinga. Fleire dømer er sætre/husmannsplassa, fjord, krøtter på fjella, […]
Les heile saka
Kursing i tilskudd for lag og organisasjonar
Onsdag kveld er det høver til å få ei innføring i korleis en kan skaffe sitt lag eller organisasjon mest mogleg tilskuddspengar, melder Driva.no. Kurset blir arrangert i Svorkasalen onsdag kveld og er ope for alle intressentar. Kurset er i regi av Surnadal kommune og idretsrådet i kommunen. Gå hit for å lesa Driva sin […]
Les heile saka
Har du gløymt å fylle ut spørjeskjema?
Bygdebokkontoret etterlyser skjema frå utflyttarar. Bygdebokkontoret i Surnadal har i løpet av året sendt ut ganske mange spørjeskjema til utflyttarar frå Todalen og Stangvik. En god del har kome tilbake i utfylt stand, men det er også mange som enno ikkje har fylt ut skjemaet sitt. Har du eit slikt uutfylt skjema liggjande, ber vi deg no så fint vi kan om å leite det fram og fylle det ut. Send det deretter til bygdebokkontoret.
Les heile saka
Mesta todaling
Hei. Jeg heter Dennis og ble født på St.Olavs Hospital 3 oktober. Vil bare fortelle at jeg stortrives sammen med min snille storesøster Thea og mine vidunderlige foreldre, Heidi Haltli og Svein Håvard Saksen. De er utrolig stolte av meg, og vi hilser til alle kjente og kjære:) Foto: Tante Kristine
Les heile saka
Kvitveisen blomstrar
I dag har vi fått ei helsing frå Jorunn Ness som tok seg ein luftetur på føremiddagen. Ho gjekk nedme elva mot Gunnøya då ho oppdaga ein blomstrande kvitveis. Litt spesielt tykte ho, og vil derfor dele den med oss.
Les heile saka
Hjortfesta 2011 – Laurdag 19.11.
Hjortfesta er i rute og vert arrangert laurdag 19. november kl 20.00, fortel Lars Stensby, som er festsjef og ledar i Husby og Halla jaktlag som er vertskap i år. I år er det ikkje førhandssalg eller påmelding førut, så det er berre å møte opp i Todalen ungdomshus til festa startar. Arrangøren lokkar med viltgryte med godt tilbehør, og da er det berre å ta med godt humør og kom på hjortfest.
Les heile saka
Postkassestativ på dugnad
På Nordvik har det også vore dugnad i helga. Det er Palmer Vikan og Thor Gunnar Eilertsen som saman med eit par naboar har gått saman for å lage nytt postkassestativ. Postkassane var alt på plass og snekkarane var opptekne med taktekkjing da Todalen.no utsendte passerte forbi laurdag ettermiddag. Reknar med at postmannen har registrert kva som har foregått, slik at han finn att postkassane når han kjem på måndagsrunden.

Vedlikehald i Småbåthamna
Laurdag var det dugnad i Småbåthamna på Kvennset. Den eldste delen av flytebryggja er no over 30 år, og det er behov for å pusse opp pontongane og leggje nytt dekke, fortel ledar i Todalen Småbåtforening Lars Stensby. Derfor vart dei to eldste elementa i anlegget sett på land for oppussing. Det gamle dekket og treverket […]
Les heile saka
Hytta i skogen…
Det er egentleg godt å sjå at nye generasjonar tek i arv gamle tradisjonar med hyttebyggjing i skogen. På ein «litt hemmeleg» plass i skogen har Lars, Nils Philip, Christoffer og Shan Allan bygd seg hytte. Det har vore stor aktivitet med både saging og snekring dei siste vekene, og no har det vorte både tak over hauet og terrasse med rekkverk. Dei har bruka material frå naturen til reisverk, medan hytta er kledd i armert glassfiberduk. Prosjektet er på langt nær ferdig, men dei har planer om at det etter kvart skal bli overnatting der, kanskje neste sommar….
Les heile saka