Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen I.L. – tid for medlemskontinget

Todalen I.L. – tid for medlemskontinget

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2012

Todalen Idrettslag melder at dei no har sendt ut kontingentkrav for 2012. Medlemkontingenten er kjærkoma inntekt for laget og styret håpar at flest muleg vil bli med vidare og dermed støtte arbeidet til laget. Det gjeld både aktive idrettsutøvarar og medlemar som vil vere med og støtte dei mange aktivitetane som laget driv. Medlemskontingenten er uendra frå i fjor, og kostar kr 250,- for enkeltmedlem og kr 500,- for famliemedlem.

Familiemedlem kan du være til og med det året du fyller 18 år. Kasserar Knut Bergli ber om at ein merker i kommentarfeltet med namnet til dei som kontingentbetalinga gjeld for, slik at styret lettare kan oppdatere og halde orden i medlemsregistret. Dersom du ikkje har fått tilsendt faktura for betaling av medlemkontingenten kan du laste ned fakturamal med innbetalingskort og betale i nettbanken. Bor du utanbygds og vil støtte «klubben i ditt hjarte» kan du også bruke denne

Publisert: 29. mai 2012, 22:08