Vårsøghelga og Talgø kunne knapt funne ei finare rame rundt premieren for Gammelfabrikken som konsertlokale. Både Gammelfabrikken, parkanlegget og Storfossen viste seg frå si finaste side da Vårsøghelga arrangerte Fabrikkonsert for 150-200 begeistra publikumarar laurdag ettermiddag. Talgø har investert eit 20-tals millionar i Gammelfabrikken med tanke på at den skal vera ansiktet ut mot marknaden for Talgøselskapa og vera så attraktiv at den trekkjer kundar til Todalen og Gammelfabrikken. Spesielt vart folk imponert over uteanlegget som egentleg er eit «utstillingslokale» for MøreRoyal-kolleksjonen frå Talgø.
På laurdagens konsert var det musikken som stod i høgsetet. Det starta med konsert av PELbo frå Trondheim, som er ein unik trio som prsenterte den gode pop-lyden som treffer hjarterota. Det var kanskje litt for høg gjennomsnittsalder på publikum til at det vart innertider, men musikken var bra, og folk flest kosa seg.
I pausen mellom PELbo og Shavian nytta konsernsjef Terje Talgø høvet til å fortelje litt om den over 100 år lange historia til Talgø og Gammelfabrikken. Heilt sia 1899 har det vore verksemd der, etter at grûndaren Thore Talgø såg mulegheit for å utnytte Storfossen som energikjelde for møbelproduksjon og til planane som no ligg føre om å etablere eit kultursenter som Todalsparken i dei gamle farikklokala og området rundt. Dette er Talgø no på god veg til å lukkast med.
Vidare på programmet var det Shavian som stod på programmet. Dei starta neste avdeling med «Vakreste visen» med Ingebjørg Lo Bjørnstad som solist. Dei presenterte ein eksperimentell musikk som ein godt kan seie er i Vårsøghelgas ånd. Den var mykje basert på rytme og elektronikk, og det såg ut som folk lika det dei høyrde.
Siste post på programmet var Hanne Kjersti Yndestad. Ho kjem frå Stokke i Vestfold og er ein dyktig kvedar. Ho har mellom anna arbeidd mykje saman med Henning Sommero, og tok publikum på ein fin måte med gode forteljingar i kombinasjon med sin song, og lokka med seg publikum ut i parken der dei fekk eit siste konsertinnslag med Shavian ute i parken, akkompagnert av Storfossens brus.
Her finn du eit lite og eit stort bildegalleri frå Fabrikkonserten på Gammelfabrikken. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal ©