Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På tur langs Søya

På tur langs Søya

Vidar Sogge Fredag 21. september 2012

Stavganggruppa møttest torsdag 20. september på Kvennbø og gjekk nedover på sørsida av elva heilt til brua nedanfor Lia. Her vart vi møtt av Lars Polden, som fortalde om arbeidet med senkinga av Søya. Lars kunne fortelja at elva før hadde vore ei problematisk flaumelv der ho slynga seg frå dalside til dalside, og som gjorde stor skade sidan ho fløymde over store område kvart år. Det hende at tilmed tredje strengen på hesjene kunne bli sette under vatn, og ofte braut ho seg nytt elvefar.

Les heile saka

Nytt blogginnlegg, frå Ranheim

Nytt blogginnlegg, frå Ranheim

Elinor Bolme Fredag 21. september 2012

Nytt blogginnlegg er i anmarsj etter eit lite, langt opphald. Denne gongen var det Birger Todalshaug som vart utfordra, og han tok den på strak arm.

Les heile saka

Dametrimmen startar på igjen

Dametrimmen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 21. september 2012

Det er igjen mørke og etter kvart kalde haustkveldar, og da er det tid for å starte trimaktivitetane i gymsalen. Dametrimmen startar på igjen førstkomande torsdag, og held det gåande kvar torsdag fram til jul – unnateke torsdag 18. oktober. Det er i år som i fjor Turid Todalshaug Sæther som er instruktør, og ho håpar at både nye og gamle trimmarar finn vegen til gymsalen på torsdagkveldar.


Klubbritt Nordvik-Kårvatn

Klubbritt Nordvik-Kårvatn

Elinor Bolme Torsdag 20. september 2012

I morgen er det duket for klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb. Rittet starter kl 18 på Nordvik og går opp til Kårvatn. Oppmøte og påmelding fra kl 17:30 på Nordvik. I følge klubbens si nettside er ikkje dette akkurat noko terrengritt, men terrengsykkel er “påkrevd”.

Alle kan stille opp, sjølv om ein ikkje er medlem i klubben. Ta gjerne med familien! Det blir ogsp eigen trimklasse som startar rett bak konkurranseklassen.


Brannvern i barnehagen, med utflukt

Brannvern i barnehagen, med utflukt

Elinor Bolme Onsdag 19. september 2012

Todalen Barnehage var i dag på utflukt til Surnadal og brannstasjonen der, i anledning at det er brannverveke denne veka. Kristin Grønnes frå barnehagen har sendt oss ei lita oppdatering:

I dag har 10 barn og 3 voksne fra Todalen barnehage vært på besøk til brannstasjonen i Surnadal. Vi dro med minibuss innover, noe som var veldig stas.

Les heile saka

Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Dei fire orangekledde damene utafor Halsbua promoterte Sjømannskyrkja, som har aksjonsdag over heile verda i dag. Og dei serverte sjølvsagt gratis bakels, som er varemerket for Sjømannskyrkja over heile verda. Todalen.no var sjølvsagt frampå for å få ein smaksprøve, og kan dokumentere at det var prima vare!

Les heile saka

Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Førstehjelp, diabetes og pausetrim…

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Tysdag kveld hadde Saniteten temakveld i Todalen Ungdomshus. Da sette dei førstehjelp og diabetes på dagsorden, og inviterte bygdafolket og dei andre sanitetsforeningane på Indre Nordmøre til temakvelden som samla mesta 60 deltakarar. Første post på programmet var enkel førstehjelp i kvardagen, der anestesisjukepleiar Ingeborg Myrvang informerte og ga gode råd om førstehjelp dersom uhellet var ute eller om ein opplevde akutt sjukdom. Ho la vekt at det kanskje er like viktig å tenkje førebyggjing, for å unngå skade eller uhell. Verstingen er vasskokaren med kokande vatn, som er livsfarleg for små ungar.

Les heile saka

Månadens bilete: Åååå, så mjuk!

Månadens bilete: Åååå, så mjuk!

Ole Petter Talgø Tysdag 18. september 2012

Denne månaden kan vi gratulere Torill Gjeldnes som vinnar av månadens bilete, «Åååå, så mjuk!». Vi gratulerer, takkar alle bidragsytarar og premien blir overbragt snart.

Les heile saka

Kva er dette?

Kva er dette?

Elinor Bolme Tysdag 18. september 2012

I dag lurer vi på om nokon kan fortelje oss kva slags redskap det er vi ser på bilda under. Redskapen har eit blad som sitt fast, men også er bevegeleg. Eggen er på den bua sida, på ytterkant. Skaftet er nypussa, men orginalt

Om nokon veit kva slags redskap dette er og kva det kan brukast til så ta kontakt med oss på red@todalen.no eller 90 19 62 68.

Les heile saka

Nærgåande gaupe

Nærgåande gaupe

Elinor Bolme Måndag 17. september 2012

I kveld hadde dei om ikkje storfint besøk, så i allefall eit annerledes besøk i boligfeltet på Flathaugen. Thea og Alf Inge Ulvund kom litt overraskande på ei gaupe som spankulerte ved husveggen då dei kom heim i kveldinga. Dei kom på ATV, så gaupa vart naturleg nok redd og stakk til skogs igjen. Alf Inge meiner ut i frå det han såg at det var ei hann-gaupe av brukbar størrelse.

Les heile saka

Skarvdag i Bøfjorden

Skarvdag i Bøfjorden

Reidar Østvik Måndag 17. september 2012

Søndag 16. dro vi til årets nest siste museumsdag i Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Temaet for dagen var «Om Skarven», ved naturforsker Nils Røv. Museumsdagene i Bøfjorden er noe for seg selv. De startet i 1995, og har seinere vært gjennomført alle søndager hver sommer fra midt i juni måned til ut september. Museet åpner kl. […]

Les heile saka

Vekas kampar

Vekas kampar

Elinor Bolme Måndag 17. september 2012

Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar. Vekas kamper er som følgende: TIRSDAG: J12Søya/Todalen – Kvass/Ulvungen kl 18 på Søyabanen ONSDAG: G12 Søya/Todalen- Aure/Tustna/Ertvågøya kl 18.30 på […]

Les heile saka