Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juleverkstad i kjellaren

Juleverkstad i kjellaren

Jon Olav Ørsal Sundag 18. november 2012

I kjellaren på Skogtun, hos Lovise og Bernt Jørgensen, er det jul mesta heile året. Bernt har snekkarverkstaden sin i kjellaren, og der er det aktivitet frå mongon til kveld heile veka i gjennom, unnateke når han er ute på salgsrunde. No før jul er det ekstra travelt, for da skal han effektuere bestillingar frå kundar som skal ha heimsløydprodukt, samtidig som han skal væra med på forskjellige messer rundt omkring. Bernt har okkupert peisestua i kjellaren til utstillingslokale, og der er «alltid ope», gliser 81-åringen. Iallafall frå kl 06, til kl 23 modererer han seg etterpå. Når det er travle tider er også kona Lovise med på salgsarbeidet.

Bernt starta med tresløydproduksjon lenge før han vart pensjonist. Han kjøpte inn diverse maskiner for trebearbeiding og rigga seg til ein liten snekkarverkstad i kjellaren heime i Skogtun, som ligg vegg i vegg med brannstasjonen på Kvennset. Han ville sikre seg at pensjonisttilværet ikkje skulle bli kjedeleg. Han stod i på Ansnessaga til han passerte 70, og etterpå har det vore full aktivitet i kjellaren heime.  – Eg har egentleg ikkje vorte pensjonist enno, for her har det vore full sysselsetting heile tida, seier Bernt, som no har ordna seg med utstillingslokale i peisestua som ligg vegg i vegg med snekkarverkstaden i kjellaren.

Ein av spesialitetane til Bernt er fuglebrett og fuglematarar, og det er nok mang ein småfugl rundt i regionen som har si daglege matforsyning frå hans produkt. Men han har også mange anna produkt som brødfjøler, leiker og anna ting og tang. Bernt poengterer at han heile tida må være kreativ og drive med produktutvikling. Sjølv om han har delteke på salgsmesser i heile regionen, så er marknaden smal og produsentane mange. Det gjer at marknaden for blir metta og kanskje overmetta av enkelte produkt.  

På bilda nedafor kan du sjå noko av produkta som Bernt produserer i «Spikbua» i kjellaren. Akkurat no har nissar og  julevarer sett sitt preg på utstillinga. Ta gjerne turen innom kjellaren til Bernt, så får du sjå heile utvalet han tilbyr.             Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. november 2012, 12:19