På mandag er det «retteleg kvardag» igjen for dei fleste. Da startar skulane på att, og etter ein lang sommarferie er det kanskje litt etterlengta også. Litt spenning følgjer som oftast med, i allefall om ei kanskje skal byrje på ny skule for første gong.
Les heile saka
Torsdag 15. august møttest Stavganggruppa ved brannstasjonen på industriområdet i Røtet/Syltørane. Jon Nordvik gjorde ein framifrå jobb som vegvisar og guide på heile turen, og vi vart mektig imponerte over å høyra om alt som går føre seg i her.
Les heile saka
Ein liten ulmebrann i maskinrommet på MS Tollesund laga mange forviklingar laurdag. Brannen var udramatisk og var fort sløkt med Co2-anlegget ombord. I kveld kom ny båt på plass, som skal vikarere for MS Tollesund, fram til søndag kveld. Båten som tek over ruta dei to neste dagane er MS Marine Express, som kjem frå Gulen Skyssbåt service i Gulen og har skipper Andreas Bendal og matros Geir Belsaas som mannskap.
Les heile saka
Det blir gratis å reise med ferje til og frå Todalen fram til ein køyrbar veg er på plass, det har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke etter sterkt press frå bebuara i Todalen. Liggekai for ferja MF Førdefjord vil bli flytta frå Halsa til Todalen, noko som også gir moglegheiter for fleire ferjeavgangar til og frå Todalen frå neste veke.
Les heile saka
Rasområdet i Todalen er no friskmeldt av fjellsikringsteamet og arbeidet med å fjerne stein og tre fra vegen er godt i gang. Torsdag gav fjellsikrarane frå Betongrenovering klarsignal til at arbeidet med å lage ein kjørbar veg gjennom rasområdet til fylkesveg 671 til Todalen kan byrje skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
.
Les heile saka
Det har i dag vore branntilløp i eksosmanifoilen på skyssbåten Tollesund. Dermed må båten desverre takast ut av ordinær rute med øyeblikkelig virkning fortel rådmann Knut Haugen på telefon. Båten slepast no til Kvanne for reperasjon. Han opplyser at ny skyssbåt allerede er på tur frå Måløy. Den ankjem Todalen seint i kveld, så ordinær rute blir derfor ikkje før i morgon tidleg.
Les heile saka
Onsdag kveld møtte vi bokstaveleg talt huldra i Svanhild Husbys skikkelse. Det skjedde ved ei tilstellning ved Talgø utstillingssenter ved Storfossen i Brusetmarka. Talgø har denne veka samla sine tropper på salgsavdelinga, og «huldra» var innhyra som underhaldning denne kvelden. Det var ei kjempefin oppleving i praktfulle omgivelser og det var nok mange som fikk ein klump i halsen når huldra kom ned frå fossen og ut frå skogen.
Les heile saka
I alt raskaoset har det rukket å bli ny månad, og her kjem ei forsinka avstemning for å kåre månadens bilete for juli. Vi er glade for at vi fortsatt får inn mange fine bilete vi kan legge ut som dagens bilete, så vi håpar at dykk fortsett med det sjølv med lange arbeidsdagar med båtskyss og mørkare dagar. Kanskje dukkar det opp eit fint motiv på vegen?
Les heile saka
Surnadal kommune har fått melding frå Statens vegvesen om at Fjord 1 må justere sine rutetider for MF Førdefjord for å kunne opprettholde antall turer mellom Todalen og Kvanne. Dette pga. den lange kjøringa frå/til Halsa morgon og kveld, og regelverk i forhold til maksimal arbeidstid for mannskapet.
Les heile saka
Ivar Hol i Statens Vegvesen orienterer i ei pressemelding i dag at om at vegvesenet jobbar mot det mål å få ferdig kjørbar veg forbi rasstaden så snart som råd. Han understrekar i pressemeldinga dei ikkje kjenner seg att i Ordførarens sitat om at dette kan komme til å ta oppimot 2 månader. Han anslår at kjørbar veg vil kunne stå klar om 3-4 veker etter at sikringsarbeidet er ferdig, om veret tillet det.
Les heile saka
Etter at Maursund avslutta trafikken til Svinvika har det vorte litt rot med parkeringa i området. Lensmannskontoret presiserer at det er forbud mot parkering på vegen ned fra Svinvikkrysset ved fylkesveg 671 og helt ned til kaiområdet. Det er også parkeingsforbud på riksveg 671, som er vegen inn mot Todalen, da det no vil bli ein del tungtrafikk inn til rasområdet. Parkering skal skje på parkeringsplassen til arboretet og på parkeingsplass/lunningsplass ovafor fylkesveg 671.
Les heile saka