Trollheimsporten er no på runde for å ta ein prat med alle nye førsteklassingar i Surnadal kommune, og første skule ut i serien er Todalen Skule. Her har Maria, Tor Asbjørn og Hallvard stolt vist fram både skulen og arbeidsplassen sin for den nye reporteren i Trollheimsporten, Eva Rønning.
Les heile saka
Prosjektleder Anne Polden i Surnadal kommune minner om påmeldingsfristen for å delta på «Påfyllskvelden for ildsjeler» 9. september, som går ut i morgon den 3. Her er det høve for alle som sitt i ulike styrer innan frivillig arbeid til å delta.
Les heile saka
Laurdag arrangerte FAU ved Todale oppvekstsenter ein kunstdag på skulen. Her fekk alle elevane samt førskuleungane ved barnehagen anledning til å lage bilde av seg sjølv. Plana var å halde til i sløydsalen i 2. etasje, men sia veret var så utruleg fint, valde vi å ta det ute i skulegarden seier FAU-leiar Line Marie Kvendset.
Les heile saka
Dr. Bekken, eller Tor Einar Bekken, tok nærast todalingane med storm da han heldt konsert og sesongavslutning på Todalshytta søndag kveld. Og publikum var rause med applausen da han briljerte på sitt el-piano med publikum på tunet framfor Todalshytta i halvannen time. Du verden for ei musikkalsk oppleving for oss som fekk høre og sjå Dr bekken i aksjon.
Les heile saka
Laurdagen kom med skikkeleg godver – og da klokka nærma seg 11 og start for «vandringa» på Årnes, møtte bortimot 80 stk opp ved Kjergroneset. Her veit ein om busetnad til langt attover på 1700-talet. Svein Aarnes hadde ei kort orientering før vi starta etter «Gammelvegen», opp liene. Dette var samtidig åpning av eit «turnett» på bortimot 3 mil som er rydda og merka i Årnesliene.
Les heile saka
Deltakarane på Trollheimsmarsjen 2015 hadde ein drømmetur over fjellet. Turen over fjellet er stipulert til 5 timars turistmarsj, men det var mange som bruka mykje lengre tid – rett og slett for å nyte den fine dagen i langdrag, når dei forst hadde sjansen. 117 personer deltok i årets arrangement, og det er betydeleg fleire enn sist, – men berre vel halvparten av deltakartalet frå jubileumsåret 2008, da heile 231 var med.
Les heile saka
Under dagens gudstjeneste i Todalen Kyrkje vart konfirmantene for våren 2015 presentert. Det var 5 alvorlege og litt spendte ungdommar som steig opp til sokneprest Bernt Venås. Han lova dei ei spanande tid framover med den obligatoriske undervisninga som høyrer denne tida til.
Les heile saka
Eldremiddagen starter opp etter sommerferien onsdag 3. september kl 1300, og arrangørane ønsker både gamle og nye gjester hjertelig velkommen til Sanitetshuset i Todalen. Som vanleg blir det servert god middag med dessert og en kaffekopp med noe godt til tilslutt. Ring gjerne 91337168 eller 71663598 for påmelding.
Dei første deltakarane er forlengst på veg over fjellet frå Todalen til Ålvundeid som deltakarar i Trollheimsmarsjen 2014. Med sol frå blå himmel og rundt 15 varmegrader blir det nok ein kjemfin tur over fjellet til Leikvoll stadion på Ålvundeid. I 9.30-tida var det 70-80 deltakarar som hadde stukket til fjells, men det er høve til å starte fram til kl 11.00 frå Bordholmen stadion i Todalen.
Les heile saka
Freiøya Historielag vart stifta i 1980. Det er eit aktivt lag med 130 medlemer. Mellom anna gir dei ut ei årbok kvart år og arrangerer ein hausttur. For to år sidan gjekk turen til Surnadal og Rindal, i fjor var dei på tur til Romsdalen. I år var Todalen turmålet. Leiar Per Kvalvik tok kontakt med leiaren i Todalen Historielag, John Moe, og dei la i samarbeid opp program for besøket i Todalen laurdag 30.august. I alt 53 medlemer deltok på turen, så bussen var heilt full.
Les heile saka
Det ligg fint tilrette for dei som har tenkt seg til å ta del i Trollheimsmarsjen søndag. I fjellet meldes det om bra temperatur og litt sør eller søraustleg vind (2-4 m/sek). Ta med deg klær og mat og godt fotty, og nyt turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid.
Les heile saka
Etter ein fantastisk fin sommar finnes det ikkje lenge noko spor etter snø frå siste vinter. I tillegg til at vinteres var snøfattig, har det nok tina mykje gammesnø og blåis i snøfonnene og dei flekkane som er att av blåis, slik som i Kjerringa. «Porkå» er praktisk talt smelta bort, med berre ein liten flekk med blåis att. Blir det fleire dagar med varme utover neste veke er no den lille flekken med blåis borte.
Les heile saka