Morten Gåsvand har sendt oss ei orentering i forbindelse med sitt bokprosjekt om furukjemper. Han har gjennom tre år lett etter dei aller største furukjempene i Trollheimen. Mange av dei står ennå, fine og strake, i Todalen.
Les heile saka
Morten Gåsvand har sendt oss ei orentering i forbindelse med sitt bokprosjekt om furukjemper. Han har gjennom tre år lett etter dei aller største furukjempene i Trollheimen. Mange av dei står ennå, fine og strake, i Todalen.
Les heile sakaHar ditt lag eller organisasjon eit arrangement på gang? Trening, medlemsmøte, dugnad, basar eller noko anna?? Husk å melde det inn i aktivitetskalenderen, som er ein av fordelane de har som meldlem her på todalen.no. Dette gjer det litt lettare å halda seg orientert i kva som foregår i bygda, og at kollisjonar av arrangement til ein viss grad kan unngås.
Les heile sakaSøndag ettermiddag var det full fres under trim- og friidrettsgruppa sin årlege basar i Ungdomshuset. Pilkast, lykkehjul, åresalg og ein kopp ettermiddagskaffe med græt og bakels sette basarsteminga definitivt på plass. Mange flotte gevinstar var innkommet, pluss at idrettslaget sjølv hadde kjøpt inn ein populærtrøbil som hovedgevinst.
Les heile sakaOnsdag står det fårikål på menyen på Eldremiddagen. Da er det høve til å smake på årets lam, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Ho ønskjer nye og gamle medlemar veloken til middag i Sanitetshuset onsdag til vanleg tid kl 13.00.
Les heile sakaAkkurat no er det full konsentrasjon i kaffekroken på Matkroken. 5 ivrige karar er opppmøtt til nok ein sjakk-kveld, men dei var litt forundra over at det var litt labert oppmøte. Fleira av dei faste var fraværande, slik at det var berre to parti på gang når todalen.no var innom så snarast. Dei trudde det kunne ha seg av litt for dårleg markedsføring, og oppfordra redaksjonen til litt meir omtale neste gong…
Les heile sakaEtter gjennomførte jegerprøven i vår, var eg så heldig å bli med den faste talgøgjengen sammen med pappa til Terråk i Bindalen. Dei hadde vore i dette området i ca 10-12 år no, med Ragnar Halle som jaktsjef , med full kontroll. Etter seks timer med kjøring frå Todalen, kom vi fram til Terråk.
Les heile sakaSia natt til laurdag har Netcoms basestasjon på Halset i Todalen vore ute av drift. I nattens «mulm og mørke» vart dekninga redusert til sporadisk signal som sikkert nok kjem frå basen på Strengen eller andre plassar. Telenor mobil har fullt signal og fungerer nok som vanleg. Frå måndag kl 8.10 var feilen utbetra og det var atter full dekning.
Les heile sakaSøndag arrangerer idrettslagets trimgruppe basar saman med ski-og friidrettsgruppa. Det skjer i Ungdomshuset, og basaren startar kl 16. Ein av postane på programmet er utdeling av utmerkelsar i samband med aktivitetar i trim- og friidrettsgruppa. Det skjer ca kl 17 og etterpå blir det trekkjing.
Les heile sakaDenne helga er det nok fleire jaktlag som nyttar finvêret og har stukket til skogs på jakt etter hjort og elg. Jaktlaget på sørsia fikk resultat alt under første jaginga i Øyalia ovafor Ungdomshuset, der det vart felt 2 dyr – ei kolle og ein 8-spirs bukk.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag siste utflukt denne sesongen. Vanslegvis brukar vinteren å krype innpå denne tida av året, men i år ser det ut til å blir fint turvêr til overs. Men terminlista for haustaktivitetane hadde altså årets siste fellestur på plana torsdag og det er tradisjon med sesongslutt i klubbhuset på Vang skiàrena, der det var traktering med kaffe med tilhøyrande graut og bakels. Men her var det ei overrasking i år….
Les heile sakaMed næraste familie og venner tilstades fekk Olav Jostein Holten overrekt Kongens fortenestemedalje under ei markering av overrekkinga på Thon Vårsøg Hotell torsdag kveld.Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som føretok overrekkinga på vegne av kongen og fylkesmannen, og ho uttrykte stor stoltheit over å kunne heidre Olav Jostein for hans lange og solide innsats i samfunnets teneste.
Les heile sakaKvar tirsdag er ei gruppe rindalingar på tur i omlandet. Sist tirsdag var dei på tur i Todalen, med Jon Bruset som eminent turguide. Han guida dei frå Todalshaugen, opp gjennom Kvendsetdalen og ned om Romådalen igjen. I turfølgjet var dei totalt 18 stk, som fekk ein lang, men fin tur. Harald Egil Folden har laga sak frå turen til Trollheimsporten, og der ligg det mange fine bilder å sjå
Les heile saka