Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein uheldig start på dagen

Elinor Bolme Fredag 27. februar 2015

På morgenkvisten i dag var det eit lite trafikkuhell ved Sisibu. Eit rådyr vart påkjørt og både viltnemnda og ettersøkshund vart tilkalla. Og sidan ein har leiar i viltnemnda, Ragnar Halle og godkjent ettersøkshund lokalisert i Todalen (nærmaste nabo med Ragnar), gjekk det rimeleg fort unna å få lokalisert det skadde rådyret.

Dyret var i live då det vart funne, men med begge bakføtene knekt tvert av vart det umiddelbart avliva på staden.

Det er vorte ei lita auke med vilttrafikk i Todalen og på Nordvik den siste tida, så det kan være lurt å være obs på dette, samt lagre kontaktinformasjon til Politi (02800) og viltnemnda på telefonen i tilfelle uhellet er ute.  Politiet er den som først skal ha beskjed. Dei videreformidlar deretter til viltnemnda og dei vidare til ettersøkshund med førar rundt om i kommunen.

Publisert: 27. februar 2015, 21:33