Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 – søndagsturen til Valsøya denne gongen

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. februar 2015

Denne veka går søndagsturen til Valsøya i Halsa kommune. Du kjører til Betna og rett fram vidare utover etter E39 til Valsøya og parkeringsplassen ved Valsøytunet som ligg attmed vegen. Frå Todalen er det ei strekning på ca 75 km, og tek ein stor time å køyre. Her kan man gå kortere eller lengre turer på «øya» til fots. Bålplassen blir ved stranda på Hestholmen like ved parkeringsplassen. Her blir det fyrt opp i bålpanna og koka på kaffe fra svartkjel.

valsøya2

Eit av dei fine turmåla på Valsøya. Foto:Tormod Ellingsen

Turene er familievennlige og i lett kupert terreng langs grusveger. En tur til Helgenesset Fyr med utgangspunkt fra Helstholmen tar ca. 40 minutter tur/retur, sjå på kart som du kan laste ned saman med meir informasjon om Valsøya og turmelegheitene her.  Ta med matpakke, sitjeundelag og kom! Vertskap for søndagsturen er Valsøyfjord IL, og kontaktperson er  Solvår Skogen Sæterbø Tlf 905 09 348.

 

Publisert: 26. februar 2015, 21:57