Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asfaltering til sommaren

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. februar 2015

Asfaltsesongen nærmar seg, og Statens vegvesen har innhenta anbud på asfaltering av rundt 65 km med riks- og fylkesvegar på Nordmøre skriv tk.no på sine nettsider. Det næraste vi kjem denne «asfaltkaka» er nytt dekke frå krysset i Hauahyllå på FV671 og 1496 meter i retning Todalen. Elles blir det nytt dekke på ein del av FV65 mellom rindal og Surnadal: Bullu bru–­Harang 6.555 meter og Honnstad–Ranes 3.601 meter – tilsaman litt over ei mil.

DSC_8524

Det er Veidekke Industri som skal legge asfalt på riks- og fylkesvegar på Nordmøre i sommar. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Elles skal det lappast litt på vegen mellom Grimsmo og Surnadalsøra på FV326 – ei strekning på vel 2 km. Asfaltarbeidet startar vanlegvis i april og går utover sommaren til det blir haust. Det er uvisst når dei enkelte strekningane blir asfaltert, men det er Vieidekke Industri som skal utføre oppdraget som tilsaman vil koste 34,5 mill. skri tk.no.

 

Publisert: 24. februar 2015, 19:32