Søndag er fastelavnssøndag, og det markerr Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris og servering av bollar og kakao på Matkroken Todalen. Saniteten har lange tradisjonar med feiring av fastelavn – dei starta tradisjonen rett etter krigen, og det er framleis eit levande og populært innslag på etterjulsvinteren. Da vi stakk innom Matkroken på føremiddagen var det Jorunn Ørsal og Åse Redalen som var på plass – og salet gikk strykande.
Les heile saka
Fredag ettermiddag vart det køyrt opp løyper til skihytta etter siste snøfallet, melder anleggruppas leiar Terje Nordvik. Det er fine løyper både frå Innerdalsmerket til Tristeinan og vidare til Skihytta, og frå Øyalia til Skihytta. Det rapporteres at det er bra med snø i liene, medan det etter årstida er lite snø i fjellet. Likevel minner vi om snøskredfaren i fjellet. Meldinga på Varsom.no for Trollheimen er (3) betydeleg skredfare, så vi oppfordrar til forsiktighet. Ein grei regel er «følg rygg, vær trygg». God tur!
Det er Ungdommens Kulturmønstring for Halsa, Rindal og Surnadal på laurdag. Det er grunn god nok til å ta seg ein tur til Skei! 93 deltakarar skal vise noko av alt det spennande som ungdom i dei tre kommunane driv med. Alt startar kl. 16 med opning av kunstutstilling. Her vil det bli vist foto, […]
Les heile saka
Etterjulsvinteren er travel messetid for byggvaresektoren. Denne veka har det vore Nordekmesse på Hamar der, Talgø har delteke i knivskarp konkurranse med mange aktørar i bransjen. Etter kvart har denne gjengen vorte vant til å delta på prisutdelingar, og denne gongen gikk Talgø heilt til topps og fekk prisen for beste stand på Nordekmessa. Nordek er ein viktig kunde for Talgø og det er ei flott annerkjenning å få ein slik pris, seier salssjef Brynjar Moe til Todalen.no
Les heile saka
ØSIL IL melder no om at dei desverre må avlyse kveldens sonerenn grunna tekniske problem med maskinparken sin. Ny dato er foreløpig ikkje sett opp.
Onsdag var det aksjon med utsetting av befrukta rogn i Toåa. Tilsaman 23 000 augerogn vart sett ut i såkalla vibertboksar, der dei fortsett å utvikle seg til yngel og etter kvart forlet den trygge «heimen» dei har i boksen og tek seg ut i elvastraumen. Da startar den farefulle ferda – først ut i elva og seinare mot havet og oppvekst der. Det er nok mange som bukkar under på ferda, av mange årsaker, men nokre kjem kanskje att som fine laksar og kan være med og bidra til å føre genane vidare i Toåa.
Les heile saka
Hundreåringen Todalen sanitetsforening avvikla årsmøtet sitt i Sanitetshuset 2. februar. Årsmelding og rekneskap syner at laget har stor aktivitet. I årsmeldinga kan vi mellom anna lese om desse tiltaka: Pussa opp ein av bustadene i Sanitetshuset Delteke på den landsomfattande «Raud knapp»-aksjonen – stopp vald mot kvinner Fadder for ei sanitetsforeining i Etiopia Aksjon RUSS […]
Les heile saka
Auka satsing på innovasjon og fiber er satsingsområde for Svorka når dei skal førebu seg på framtida. – Vi jobbar i ein bransje med ny teknologi og store endringar. Endringane skjer fort, og det vil gje os store utfordingar, seier Halvard Fjellvær som er leiar i Svorka.
Les heile saka
Vi har komme over til ein ny månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag til dagens bilete gjennom heile januar!
Les heile saka
Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde. […]
Les heile saka
Med skiføret kom sonerenna på rekke og rad – denne uken er det ØSIL som er arrangør. Øvre Surnadal IL inviterer til sonerenn torsdag 4. februar kl. 18.30. Rennet går i fristil, ordinære distanser. Opp til og med 8 år – 500 meter, 9/10 år -1 km, 11/12 år-2 km, 13/14 år- 3 km, 15 år og eldre -5 km. Løperne går i den klassen de fyller i løpet av 2016.
Les heile saka
Vi har i dag litt problemer med publisering av nyheter. På grunn av dette kan nyheter i dag bli litt forsinka, det beklager vi. Forhåpentligvis får vi ordnet opp i problemet i løpet av dagen.
Oppdatert: Vi har funne problemet og løst det, så todalsnyhetene kan no serverast rykande ferske.