Soknerådet minner om at det er tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag kl 12. Dei teks sjølvsagt vêrforbehald, men yr.no lovar i si vêrmelding at det skal bli brukbart vêr og temperatur på rundt 10 grader. Etter gudstenesta serverer Todalen ILs trimgruppe pølser og saft til alle. Seinare på dagen er det duka til stor finale […]
Les heile saka
Lokalprodusert mat grip om seg og blir stadis meir populært, men utfordringa for lokale produsentar av mat og næringsmidler er distribusjonen. Mange har for liten produksjon til at dei kan kome seg inn på dei tre store matvaredistributørane som dominerer marknaden i Norge, men samtidig er det for kostbart å bygge opp eit eige salsnett. Onsdag […]
Les heile saka
Første del av årets påskekrim er klar. Blir det todalstur på Lebrekk Bladfyk i år også? Eller blir det asfaltpåske?
Les heile saka
Tradisjon tru blir det også i år arrangert seterrenn Skjærtorsdag 24. mars på Nordviksetra. Det blir oppsatt transport, med traktor og henger fra Øygarden, med gratis avgang. Her blir det fleire avganger ved behov.
Les heile saka
I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».
Les heile saka
I morgon blir det todalen.no-stand på Matkroken. Her blir det anledning til å kjøpe seg handdukar, termosar og andre småartiklar. I tillegg blir det også salg av personlege medlemskap for dei som ønsker å støtte opp om nettsida.
Les heile saka
Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.
Les heile saka
Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner.
Les heile saka
Langfredag inviterer Todalen IL og skihytta på Ørsalfjellet til Kjerringdilten. Kjerringdilten har lang påsketradisjon på skihytta og går på idealtid med ein flott vandrepokal som premie. Starten går kl 13.00 og hyttestyret lovar at det skal være open kiosk på hytta og Knut stiller med bakelsjarnet sitt og byr på nystekte bakels i kiosken. For å […]
Les heile saka
Det blir tradisjonelle opningstider for Matkroken, fortel handelsmann Nordvik i ei pressemelding. Måndag til onsdag før påske er butikken open som normalt frå 9-18. Skjærtorsdag er det kioskope frå 16-18, medan det er stengt langfredag. Påskeaften er opningstida 9-15, medan 1. påskedag er stengt. 2. påskedag er det igjen kioskope 16-18. HalsOil-stasjonen er open for kortsal heile påska
Les heile saka
Skjærtorsdag er det både gudsteneste kl 11 og stor påskekonsert i Todalen kyrkje kl 19.30. Vi gjer oppmerksom på at tidspunktet for gudstenesta er endra siste veka. Under er ei pressemelding frå Bernt Idar Bøe som omhandlar dei tradisjonelle påskekonsertane i regi av KKKK- akademiet Høgtid med harpe og strykekvartett er agenda for årets […]
Les heile saka
Onsdag kveld (23. mars) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub og påskequiz. Puben er open frå klokka 20 og utover, og påskequizen startar kl 21 og utover. Stikk innom og treff gamle kjente i triveleg lag, oppfordrar Pakkhuset Kro.