Endeleg er det tid for å prise våren – dei handlande i Røtet/Syltøran arrangerer tradisjonell vårfest no fram mot helga. Eiksentret har ein lang tradisjon som er godt innarbeidd, og dette har naboane også hiva seg på. Og naboane er i denne samanhengen Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Trollheimen Treningssenter og Sveen Auto.
Les heile saka
Eit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Sidan 2015 har Todalen sanitetsforening, Surnadal sanitetsforening og SpareBank 1 – Nordmøre (Surnadal Sparebank fram til juni 2020), i samarbeid, delt ut Goodiebags til russekulla i Surnadal kommune. Goodiebagsane blir delt ut under eit arrangement i SpareBank1 sine lokalar på Skei komande onsdag. Dit blir alle som er russ ved Surnadal videregåande skule i år invitert. Her deltek også helsesøstra, saman med banken og dei to sanitetsforeiningane.
Les heile saka
Onsdag 27. april inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile saka
Torsdag kveld var tingvollgjeldingen Helge Husby i Todalen for å promotere den nye boka han har skrive om kamphandlingane i Gratangen. Slaget i Gratangen i aprildagane for temmeleg nøyaktig 82 år sia, og er rekna for å være det blodigaste som har skjedd på norsk jord. Helge fortalte at han har gått svanger med bokplanar helt sia han var ungdom, og at mange nordmøringar fall i Gratangen har vore med og påvirka planane som no er realisert
Les heile saka
Søndag 1. mai klokka 14:00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til god «gammaldags» feiring av 1.mai på Surnadal kulturhus. Etter to år med koronapandemi, er det godt å endeleg kunne feire 1. mai med festarrangement på kulturhuset, seier arrangementskomiteen, som består av: Lilly Gunn Nyheim, Ella Bolme, Helge Røv Emely Stangvik og Ole Dalsegg. Helge Røv vil vere programleiar for dagen. Surnadal AUF ved leiar, Emely Stangvik og nestleiar, Ole Dalsegg vil halde apell for dagen, medan Ordførar i Aure kommune, Hanne Berit Brekken vil halde festtalen.
Les heile saka
I går ettermiddag/kveld var det dugnad i Toåa tursti, for å klargjere turstien til ein ny vår- og sommarsesong. Vinteren, og da spesielt uvêret Gyda, hadde vaska bort ein del av grusen i turstitraseen, spesielt frå steinutgarden og fram til nedste avstikkaren ned til Gunnøya, og ved øvre avstikkaren mot Gunnøya.
Les heile saka
Denne veka er det i Røtet det skjer – dei fleste aktørane i området står bak aktivitetane som går føre seg frå torsdag og framt mot helga. Det er Eiksentret Surnadal, Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Sveen Auto og Trollheimen Treningssenter – alle sammen lokaliser ved Ørabrua og litt rundt omkring
Les heile saka
Etter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverkstad. Dette skjer torsdag 28. april klokka 18:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten.
Les heile saka
Eitt av dei sikraste vårteikna, er når feiebilen frå Mesta kjem og feiar opp strøsanden og anna støv, som ligg att på vegane etter vinteren. Akkurat no er det vegen innover mot Todalen og rundt bygda som blir sopa og klargjort for vår og sommar trafikken.
Les heile saka
«Give Me 5» er tilbake, og denne gongen vil dei få besøk av Rasmus og Verdens Beste Band. Konserten er allereie i morgon, torsdag 21. april på Surnadal kulturhus klokka 19:00, og det er framleis billettar att til konserten med bandet attom kjente og tullete songar som «Puppan te pappa» og «Daniel datt i do».
Les heile saka