Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jonsvaka i Åsskard – «Tonar til alle tider»

Bernt G. Bøe Tysdag 21. juni 2022

Fredagens Jonsvaka-konsert i Åsskard kyrkje mønstrar eit stort ensemble under tittelen «Tonar til alle tider».Operasongarane Sigrid Bøe, Turid Røen Kroknes og Erik Rosenius har med seg godbitar av Grieg, Strauss, Larsson, Bach og andre. Dei får tonefølgje av pianist Tor Strand, oboist Ebba Ringmar og ein profesjonell strykekvartett med tvillingane Åse og Anne Aaknes, Synnøve Hammervold og Eivind Rossbach Heier.

 

Ola Bræin og Tor Strand deler folketoneskatten med oss. Foto: Bernt G. Bøe

Ola Bræin på munnspel serverer lokal folkemusikk i samspel med Tor Strand.

Koret Prosjekt 17 vandrar både året og døgnet rundt med songar om advent, jul og pinse forutan ei 600 år gammal kveldshymne dei syng frå kyrkjetrappa til slutt.

Nesten direkte frå Göteborgsoperaen kjem bassen Erik Rosenius. Foto: Bernt G. Bøe

Saman med bassolist Erik gir koret gjenhør med Griegs mektige Landkjenning – så å seie ein Jonsvaka-klassikar. 

Sigrid Bøe elskar Grieg og serverer perler av han. Foto: Bernt G. Bøe

Og når Sigrid syng sluttscenen Griegs og Ibsens Peer Gynt (Solveigs Vuggevise), legg koret den gripande Pinsesalmen til i bakgrunnen. 

I kveldens innleiiande biletkåseri gir Bernt Bøe glimt av høgdepunkt frå 40 år med Jonsvaka sia starten i 1982. 

Arrangør Åsskard sokneråd sørgjer for kaffehygge i pausen mellom kåseri og konsert.

Møre bispedøme, Gjensidige og TalgøMøretre har gjeve stønad til årets Jonsvaka.

Publisert: 21. juni 2022, 16:14