Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya – Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. juni 2022

I kveld var det toppoppgjer i 6. divisjon mellom Søya (3.plass) og Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal. Da laga møtte kvarandre for nokre veker vart resultatet 1 – 1, så det alt låg til rette for ein jamn kamp, noko det også vart. 

Søya prøver seg. Foto: B G Ansnes

Første omgang starta med eit spelemessig overtak til gjestande frå Romsdal. Heimelaget kom litt meire med utover i omgangen, men ingen av laga klarte å spele seg fram til dei heilt store sjansane. Omgangen ebba ut med 0 – 0 til pause. 

Så var det Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal sin tur. Foto: B G Ansnes

Andre omgang starta litt første, med eit lite spelemessig overtak til bortelaget. Men det var heimelaget som tok leiinga, da Henrik Melkild avslutta eit fint raid av Emil H. Ansnes etter 59. minutt. Eidsvåg utlikna til 1 – 1 i det 78 minutt, på noko som likna misstenkeleg på ein offside. Berre minuttet seinare var heimelaget attende i leiinga, etter scoring av Jostein Kvendset. I det 85. minutt utlikna Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal til 2 – 2, noko som vart sluttresultatet. 

Søya med nok eit forsøk. Foto: B G Ansnes

Alt i alt var nok uavgjort eit greit resultat for båe lag, ut i frå spel og sjansar. Så da er laga ligg laga på same plass på tabellen som før kampen, men Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal har no 17 poeng, like mange som serieleiar Sunndal 2, medan Søya har 3 poeng mindre, men har ein kamp til gode. Det vart delt ut tre gule kort i kampen, og alle gjekk til heimelaget. 

Publisert: 20. juni 2022, 20:26