Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godt sommarver

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. juni 2022

Riktig godt og varmt ver, god stemning og mange med på tur – retteleg triveleg avslutning på Kløvertursesongen våren 2022.

Siste Kløverturen før sommarferien gjekk etter Toåa tursti – her er det alltid kjekt å gå. Fint å vandre langs Toåa, og ikkje minst er det kjekt og samlast i gapahuken ved Båthølen. Vi er heldige i Todalen som har eit så fint og godt tilrettelagt turområde.

Rundt bordet: Synnøve, Jean, Jorunn, Åse, Nils. Foto: Marit Sanden Søyset.

Triveleg med blomster på bordet! Frå venstre: Arndis, Sigrun, Kari, Helen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det var mange med på dagens tur, og det vart lang og triveleg pause ved Båthølen. Sanitetsforeninga spanderte både wienerstong og frukt.

No tek Kløverturen sommarferie til midten av august. Våren 2022 har det vore 15 turdagar med 26 unike deltakarar.

Riktig triveleg å treffast synest Sigrun og Kari! Foto: Marit Sanden Søyset.

Kløverturgruppa ønsker alle ein riktig god sommar!

Ut på tur! Foto: Marit Sanden Søyset.

Kjekt å vere på tur i lag! Frå venstre: Dordi, Anne Helene, Eli, Jorunn og Synnøve. Foto: Marit Sanden Søyset.

Grøne og frodig!e ekrer og lier.  Foto: Marit Sanden Søyset.

Litt av kvart å forsyne seg med! Frå venstre: Arndis, Jorunn og Dordi. Foto: Marit Sanden Søyset.

Så vart det tur heim att! Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 20. juni 2022, 20:23