I dag var feiarane på besøk på butikken – dei dreiv infokampanje for brannsikkerheit og delte ut infobrosjyrer, der du kunne fylle ut ei sjekkliste for å finne ut kor brannsikkert det er heime hos deg. Jon Nordvik, som er ein av feiarane er, sier til Todalen.no at det er lurt å sjekke brannsikkerheita i heimen med jamne mellomrom. Da kan du kanskje unngå at det blir brann heime hos deg.
Les heile saka
I morgon blir det utdeling av klubbjakkar for dei som har sett seg opp på bestilling. Møt derfor opp på Bordholmen mellom klokka 17.30 og 19 og hent. Jakkane må betalast ved uthenting. Enten med kontantar, eller Vipps. Prisen er 600 pr stk.
Les heile saka
Todalen Båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte måndag 26. juni, og det skjer på Gammelfabrikken på kl 20:00. På sakslista står vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Søndag ettermiddag var Nordmøre Spelmannslag på besøk i Todalen, og inviterte til konsert i Todalen ungdomshus. Nordmøre spelmannslag er samansett av musikarar frå heile Nordmøre, og dei presenterte slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif halse og andre.
Les heile saka
I går deltok knøttelaget til Todalen IL på sin aller første cup denne sesongen. Turen gjekk til Surnadal, AMFI Park og SILregncup i regi av Surnadal IL. Silregnet held seg på betryggande avstand, så det vart ei fin oppleving på kunstgrasbanen på Syltøran. Nokon for aller første gong, medan fleire av dei hadde årevis med erfaring.
Les heile saka
Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.
Les heile saka
Kvar vår på denne tida, er tusenkroners-spørsmålet når Hønhalsen kjem til å gå av. Når Hønhalsen er gått av er det nemleg «lov» til å bade i elva eller i sjøen. Da er snøsmeltinga komen så langt i fjellet, at temperaturen på vatnet er akseptabel som badetemperatur.
Les heile saka
Villblomsterdagen er eit landsdekkande arrangement i regi av Norsk botanisk foreining, og det går blomsterturar over heile landet søndag 18.juni. I år blir det igjen villblomsterdag på Mogstad. Turen går til Austistua Mogstad, og vi ser på dei vanlege blomstrane, andre planter og lauvtre i kulturmarkene kring tun og bakkar.
Les heile saka
Måndag kveld inviterer Todalen Oppvekstsenter til sommaravslutning klokka 17.30. Da er det tenkt grilling ute, der alle tek med grillmat og litt småkaker til kaffen.
FAU stiller med tente grillar, papptallerkenar, bestikk, saft og kaffe.
Les heile saka
Førstkommande søndag kl. 16:00 er det konsert i Todalen ungdomshus med Nordmøre Spelmanslag. Her blir det servering av slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif Halse med fleire. Nordmøre Spelmannslag er samansett av rundt 15 musikarar frå dei fleste nordmørskommunane med Hilde Bergfald som musikalsk leiar.
Les heile saka
Todalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.
Les heile saka
Torsdag gikk vekas stavgangtur til Åsskard. 27 deltakarar sette kvarande i stemne og tok turen utover langs sørsida av Åsskardfjorden i retning Bølandet.
Les heile saka