Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Køyrte utfor på holka….

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. desember 2017

I dag tidleg var det utforkøyring på Nordvik. Surnadal og Rindal lensmannskontor hadde folk på staden, og lensmannsbetjent Ola Dalsegg fortel at det var kun mindre materielle skader på bilen. Føraren vart imidlertid sent til rutinemessig sjekk på legevakta, men kom uskadd frå uhellet.

Dalsegg seier at det no er litt lurt føre, med mykje spor og stadvis glatt.  – Han oppfordrar alle til å sette ned farten og køyre forsiktig på glatta.  

Publisert: 13. desember 2017, 11:33