Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag kl 15: Julemusikk for alle

Bernt Bøe Onsdag 13. desember 2017

Nystarta «Prosjekt 17» byr på julemusikk for kvar smak når dei inviterer til konsertar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag.

– Kom og syng julesongar med orkester og med oss! seier arrangør-koret. Forsamlinga er nemleg viktig aktør i opplegget – samtidig som solistar, kor og musikarar lovar både julegospel og smak av oratorium.

«Prosjekt 17» er eit nybygg på tuftene av Åsskard Kyrkjekor, Todalskoret og Bøfjorden Mannskor. Med på laget er også ein internasjonal strykekvartett: Trond H. Saltnes, Odd Sonntag, Anna Ostachowska og Zhala Aliyeva. Tor Strand trakterer orgel og piano. Solistar er sopranane Torunn Kroknes og Sigrid Vetleseter Bøe – som i Åsskard får selskap av bassen Erik Rosenius. Der syng også barnegruppa Amigos.

Programmet spenner frå spilder nytt via kjent og kjært julestoff til klassiske «Høgtidstonar» med arier og korsatsar frå Bachs «Juleoratorium» og Handels «Messias». P17 opptrer både som blandakor, mannskor og damekor. Torunn syng elles bl.a. «Julvisa» av Sibelius med strykarar, og Tor og Sigrid serverer «O helga natt» i fransk originalpakning. Etter Buxtehudes spenstige lille kantate «Jeg synger julekvad» tonar konsertane ut med umistelege «Deilig er jorden».

 Mange julekonsertar i distriktet kjem tett på kvarandre. Både Todalen, Ranes og Åsskard syng jula inn denne søndagen. Men programma er ulike og utfyller kvarandre. Difor er tidspunkta lagt slik at ein rekk å besøke Ranes anten etter Todalen eller før Åsskard! 

I Todalen (kl. 15.00) er det billettsalg ved inngangen. Åsskard (19.30) har kollekt til dekkjing av utgifter.

Først publisert: 13. desember 2017, 20:00 - Sist oppdatert: 17. desember 2017, 21:30