Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klarstemte juletonar i Todalskyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 17. desember 2017

Søndag ettermiddag inviterte Prosjekt 17-koret til julekonsert. Først i Todalskyrkja kl. 15, og så i Åsskard kyrkje utpå kvelden. For den som ikkje har fått det med seg, så er Prosjekt 17-koret fortsettinga av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor. Før dirigenten for dei 3 kora pensjonerte seg, var korsongen ein del av organistjobben i Stangvik prestegjeld, men no er dette omorganisert.  – Spesielt for konserten var P17-koret forsterka med strykeorkester, og med Sigrid Vetlesæter Bøe (sopran) og Torunn Kroknes (mezzosopran/alt).

Torunn Kroknes (Mezzosopran/alt) og Sigrid v. Bøe (sopran) var solistar. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Trond H. Saltnes og Odd Sonntag på fiolin, Anna Ostachowska på bratsj og ZhalaAliyeva på Cello. Foto: Jon Olav Ørsal

Dirigent Bernt Bøe prisa sponsorane som har gjort det muleg å få til ein slik konsert her i Todalen. Han spøkte med at det var deltarar frå 5 land – Norge, Sverige, Polen, Iran og Gomalandet.  Medlemar i strykeorkesteret var Trond H. Saltnes og Odd Sonntag på fiolin, Anna Ostachowska på bratsj og ZhalaAliyeva på Cello. I tillegg var Tor Strand med på klaver.

Vi fekk gjennom konserten mange høgtidstonar – kan berre nemne «Velsigna du dal over fjordar», «Julevisa», smakebitar frå J.S. Bachs juleoratorium, og frå Händels Messias,  Juleverset frå Stangvik og mykje meir.  Korsamansettinga varierte med både felleskor, damekor, mannskor og med Sigrid og Torunn som solistar, og gjorde at dette vart ein fryd for øret og etter kvart skikkeleg julestemning. Og var du ikkje komen i den rette stemninga så kom den iallfall med avslutningsnummeret med «Deilig er jorden» der både kor og instrument var med.

Eit lite bildegalleri frå konserten i Todalen kyrkje.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. desember 2017, 20:32