Den opprinnelige planen for dagens stavgangtur var Folldalen og Gråhaugen, men værmeldingen ga tidlig varsel om mer vinterlig klima i fjellet. Derfor ble det nye planer og opplegg for en tur i nærområdet på Skei og oppmøte ved Kulturhuset.
Les heile saka
Biblioteket skal moderniserast, og treng hjelp til å lime inn nye kort med strekkoder i alle bøkene. Fint arbeid for oss pensjonistar no i haustvêret. Enkelt, innahyses arbeid, og vi får kaffe, skriv Kristian Ranes i pensjonistlaget, som vil ha påmelding på telefon 995 30 263 snarast!
I kveld var det premiere for storprosjektet til Surnadal ungdomsskule «Slik går nå daggan». Ei kjempeflott forestilling som berre imponerer stort. Det blir ei forestilling til som går av stabelen onsdag 3. oktober kl 19, og her er det i skrivende stund rundt 40 ledige billettar.
Les heile saka
Denne veka blir det strikkekaffe på fredag, altså 5. oktober! Alle er velkomne til strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl.13.00 til 16.00.
Les heile saka
I dag startar Nils Erik Ulset i ny jobb på Kårvatn – eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier han til Todalen.no. Han går no inn i administrasjonen i Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani, men blir nok mest å sjå i skisporet i første omgang. Satsinga på ny sesong starta alt i mai, og no gler eg meg på at det blir skiføre, seier Nils Erik.
Les heile saka
Ein fuktig september er over, og her er kåringa for månadens bilete. Stem på den du fortjener ei oppmerksomhet
Les heile saka
Todalen bodybyggjarlag har så smått byrja å røre på seg etter ein aktiv sykkelsommar. Dei har no trekt innomhus, og Hett & Svett var i kveld godt oppfylt av ivrige karar som slo eit slag for trening og trivsel. For det skal seiast, dei er veldig trivselsfokuserte. Treninga blir nesten som ein bonus å regne.
Les heile saka
Etter ei helg med regn og ruskver var det både opphaldsver og litt sol da kløverturgjengen la ut på tur første dagen i oktober. Med minstemann, Ingrid, i barnevogna til bestemor var det 15 personar som starta oppover skogsvegen frå Bruset.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 1. oktober. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring til Bruset. Derifrå går turen etter fin og fast skogsveg, og det er ikkje bratt. På Kleiva, eit lite stykke ovanfor Haugligardane, er det bord og fin utsikt utover bygda. Alle er velkomne til å bli med på trim og tur!
Les heile saka
Over 25.000 har sett Ørjan Burøe sitt stand-up-show «Fordommer». Fredag 5. oktober kommer han til Surnadal kulturhus. Burøe er vel også kjent som blogger, og enda mer kjent som gift med bloggeren «Komikerfrue» (Marna Haugen Burøe).
Les heile saka
Laurdag var det både epler og anna frukt som stod i fokus i Svinviks Arboret. Dei hadde fått besøk av ein av landets fremste ekspertar på fruktdyrking, professor Gustav Redalen, til å halde foredrag om epledyrking. Han la for dagen ein enorm kunnskap om fruktdyrking, og formidla dette til tilhøyrarane på ein lettfatteleg og lærerik måte.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Surnadal Heimbygdlag til temakveld om markaslått ved Mo oppvekstsenter. Der møtte det over 100 interesserte personar! Det var over all forventning, slo programleiar Svein Sæther fast. Dei frammøtte gledde seg til å sjå den nye DVD-en om markaslått som Heimbygdlaget har produsert.
Les heile saka