Rynkeroser lever farleg no om dagen. Dei er svartelista, og er ein framand art som er fredlaus ute i naturen. Men det har ikkje vore til hinder for at dei har etablert seg rundt om kring i naturen – helst i samband med vassdrag eller kanskje mest langs standlina i sjøen. Tysdag dukka Bygdeservice Øksendal opp med verneutstyr og sprøytemiddel, for å ta knekken på dei lokasjonane som er registrert. Oppdragsgjevar var fylkesmannen i Møre og Romsdal og nærare bestemt miljøavdelinga.
Les heile saka
Etter vegen rundt bygde er det i løpet av ettersommaren oppstått ein del skikkelege slaghol i asfalten. Dersom du ikke er oppmerksom og styrer unna, så kan forstilling og hjuloppheng få skikkeleg juling og forårsake dyre reparasjonar.
Les heile saka
Torsdag kveld kl. 18.00 blir det sesongavslutning for lagseriestemna på Tjønnmyran, melder ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Det blir terrengløp og klatreaktivitetar for borna, og sjølvsagt litt kos med bakels og saft/kaffe etterpå. Kom og bli med!
Todalen sanitetsforening minner om basaren i Sanitetshuset i kveld. Alle er velkomne! Her er plakaten:
Les heile saka
No nærmar det seg jul med stormskritt, og like sikkert som pinnekjøtt og ribbe er 3. dagsfest med underholdning i Todalen Ungdomshus. I forbindelse med årets festunderholdning frå scena, blir det ei lita oppstartssamling, der vi summar oss litt rundt årets program.
Les heile saka
Skodda låg tjukk måndag morgon, men da Kløverturgjengen starta frå Todalsøra letna ho litt etter kvart. Det var mest litt trolsk stemning da vi gjekk langs fjorden utover mot Nessahaugen. Da trimmarane nådde Ansneset var det klårt og fint, og etter kvart vermde sola godt.
Les heile saka
Torsdag 26. september tar vi stavgangturen til Betna. – Ta av mot Halsa og parker ved den gamle fotballbanen/skistadion . Vi går derfra til vanlig tid, kl 11:00, og følger samme rute som tidligere år i retning Bettennesset. Vel møtt til alle som har lyst til å bli med.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 23. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Les heile saka
KBK har dei tre siste sesongene hatt todaling Kevin Anders Brusethaug med i sin spelarstall. Kevin fekk tilbod om å komme til klubben da han skulle på vidaregåande utdanning, og valget for den hardtarbeidande fotballgutten vart derfor lett. No på tredje sesong spelar han fast både på G19-årslaget, og på KBK 2 som ligg på toppen av 4. divisjon.
Les heile saka
Kjøp lodd så får du massevis av vinnarsjansar når det blir trekning på Sanitetsbasaren tysdag kveld. Oppfordringa kjem frå Kari Kvendset og Marit S. Søyset som er to av dei som har sitte på Matkroken Todalen med loddsal for Todalen Sanitetsforening.
Les heile saka
Sørsida jaktlag stilte med stort mannskap i finveret laurdag. Sørsida jaktlag omfattar Ansnes, Hallset, Ørsal, Øya og Bruset. Laurdag starta jakta i Øyalia, men der vart det ikkje resultat.
Les heile saka
Denne veka er det brannvernveke med open brannstasjon både i Todalen, på Kvanne og i Surnadal denne laurdagen. Dette er den stor publikumsdagen for det lokale brannvernet, og dei nyttar høvet til å vise fram både utstyret dei disponerer og tenestene dei kan tilby publikum. Og da dreier det seg ikkje berre om brann og brannsikkerheit, men også om helse. Ein viktig del av tenestene til brannlaget i Todalen er å rykke ut med hjartestartar og anna utstyr i samband med akutt sjukdom eller skade.
Les heile saka