Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for skihytta og vinterkurs, med forviklingar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. januar 2020

 Friluftslinja ved Nordmøre Folkehøgskule har lang tradisjon for å arrangere fjellkurs for sine elevar på TILs skihytte på Ørsalfjellet.  Sjølv om vêret ikkje var det aller beste starta dei ut på tur til hytta i dag – og klassen med 15 deltakarar skal friste opphald på skihytta eit par dagar framover, fortel Terje Nordvik som er leiar for hyttestyret og kontaktperson for skihytta. 

Her ber det i veg opp lia til TILs skihytte på Ørsalfjellet. Foto: Terje Nordvik

Han fortel at Nordmøre Folkehøgskule låner skihytta eit par gong for året med tanke på opplæring.  Denne veka er det altså fjellkurs for elevane som står på agendaen og neste månad – i februar er det opplæring i graving av snøhole og overleving som står på programmet. – Men det må bli meir snø i fjellet før det kan bli aktuelt, seier Terje til Todalen.no.  Kanskje vi kan få nokre bilder som viser aktivitetane på skihytta og livet der?

Måtte gjere vendereis!
Vi har fått melding om at NOFO-gruppa måtte avslutte turen og gjere vendereis frå Skihytta i dag.  – For lite snø i fjellet gjorde at dei ikkje kunne gjennomføre det planlagte vinterkurset no.  Dermed vart opphaldet på Skihytta kansellert før kurset eigenleg kom i gang, melder Terje Nordvik.

Etterpå gikk turen til Kårvatn, der det var fine tilhøve for aktivitetar.  På Kårvatn vart det både fjelltur og undervisning i skredlære, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no.  Dermed vart det fullt utbytte av todalsturen like vel

Først publisert: 22. januar 2020, 15:30 - Sist oppdatert: 23. januar 2020, 08:47